Tyne and Wear

Tyne and Wear er eit metropolitansk grevskap i Nordaust-England rundt munningen til elvane Tyne og Wear. Grevskapet vart oppretta i 1974 og består av fem bykommunar, South Tyneside, North Tyneside, City of Newcastle upon Tyne, Gateshead og City of Sunderland.

Tyne and Wear
Geografi
StatusSeremonielt og metropolitansk grevskap
Opphav1974
RegionNordaust-England
Areal538 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

1 093 400
2 032,3 /km²
Etnisitet96,8 % kvite
1,8% sørasiatiske
Distrikt
  1. Gateshead
  2. Newcastle
  3. North Tyneside
  4. South Tyneside
  5. Sunderland

Tyne and Wear grensar i aust til Nordsjøen og til Northumberland i nord og County Durham i sør.

Tyne and Wear grevskapsråd vart avskaffa i 1986 og distrikta er i dag derfor i røynda sameinte styresmakter, sjølv om dei på papiret og etter lova framleis høyrer til grevskapet.[1][2][3]

Området var tidlegare del av grevskapa Northumberland og County Durham.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Tyne and Wear