County Durham

County Durham er eit seremonielt grevskap[1] og ei (mindre) einskapleg styresmakt nordaust i England. Administrasjonsbyen er Durham. Den største byen i det seremonielle grevskapet er Darlington.[2] Grevskapet har ein industribasert økonomi som historisk sett har vore basert på kol- og jerngruveindustrien.[3]

Durham
Geografi
StatusSeremonielt grevskap og einskapleg styresmakt
OpphavHistorisk
RegionNordaust-England
Areal2 676 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

508 500
190 /km²
Etnisitet98,6 % kvite
Distrikt
  1. Durham (einskapleg)
  2. Hartlepool (einskapleg)
  3. Darlington (einskapleg)
  4. Stockton-on-Tees (einskapleg) *

* Berre ein del av kommunen nord for elva Tees er ein del av det seremonielle grevskapet Durham.

Det seremonielle grevskapet grensar til Tyne and Wear, North Yorkshire, Cumbria og Northumberland og ligg i regionen Nordaust-England.[4]

Historie

Området som vart County Durham var opphavleg ein liberty under biskopane av Durham. Etter at normanniske invasjonen spreidde makta deira seg sakte nordover til Nord-England. På 1100-talet vart grevskapet Northumberland oppretta og Durham vart rekna som ein del av dette.[5] Biskopane kjempa derimot mot sheriffen av Northumberland om makta i Durham, men krona rekna Durham som ein del av Northumberland fram til seint på 1200-talet. På 1300-talet vart Durham igjen rekna som ein liberty direkte underlagt kongen. I røynda var det eit privat grevskap der biskopen peikte ut sin eigen sheriff.[6]

Sadberge var ein liberty, stundom kalla eit grevskap, i Northumberland som i 1189 vart kjøpt av biskopen. På det største strekte Durham seg frå Penninane i vest, elva Tees i sør, Nordsjøen i aust og elvane Tyne og Derwent i nord.[7] Grevskapet hadde òg fleire eksklavar: Bedlingtonshire, Islandshire[8] og Norhamshire[9] i Northumberland og Craikshire i North Riding of Yorkshire.

I 1888 vart grevskapa i England og Wales omstrukturerte og det meste av County Durham kom under det nye Durham grevskapsråd og vart eit administrativt grevskap. Fleire bykommunar var ikkje medrekna i grevskapet, Gateshead, South Shields og Sunderland. Statthaldaren for County Durham vart likevel utpeikt for desse bykommunane òg. Fleire endringar vart gjort utover 1900-talet, men i 1974 vart dei administrative grevskapa og bykommunane avskaffa og County Durham vart eit ikkje-metropolitansk grevskap[10] Det nye County Durham mista område i nordaust til Tyne and Wear[11][12] og i søraust til Cleveland.[11][12] Samstundes fekk det tilbake tidlegare område i Startforth Rural District frå North Riding of Yorkshire.[13]

I 1996 vart Cleveland avskaffa[14] og distrikta vart einskaplege styresmakter.[15] Hartlepool og Stockton-on-Tees (nord for elva Tees) kom tilbake til det seremonielle grevskapet Durham. I 2009 vart distriktsråda avskaffa og alle distrikta vart einskaplege styresmakter.[16]

Kjelder

Bakgrunnsstoff