Völkischer Beobachter

Völkischer Beobachter (tysk: «Folkets Observatør») var ei tysk dagsavis tufta i 1887. Avisa vart utgjeve av det nazistiske partiet NSDAP frå 1920-talet og fram til Berlins fall i 1945, og fungerte i denne perioden som hovudorgan for den nasjonalsosialistiske rørsla i Tyskland. Avisa byrja som ei vekeavis i München, og då ho vart kjøpt opp av Adolf Hitler i 1923 hadde avisa ein tydeleg antisemittisk profil og eit opplag på kring 7000. Etter oppkjøpet vart avisa nytta som propagandakanal for NSDAP, og i 1941 passerte Völkischer Beobachter eit opplag på 1,1 millionar. Hitler var sjølv ansvarleg utgjevar frå 1925 til 1933.

Völkischer Beobachter

Eit reklameskilt for Volkischer Beobachter.
LandDet tyske riket
TypePeriodikum, avis
Grunnlagd1919'"`Uniq--ref-00000000-qinu`"'
Nedlagd30. april 1945
EigararNSDAP
SpråkTysk
HovudkvarterMünchen

Det antisemittiske innhaldet i avisa, saman med stendige åtak på regjeringa sin politikk og offentlege tenestemenn, førte til at styresmaktene i den demokratiske Weimarrepublikken stogga utgjevinga av avisa tre gongar tidleg på 1920-talet. Etter den tredje stoggen heldt ho fram som vekeavis i 1925, men etter berre ein månad i ny sirkulasjon gjekk bladet over til å bli dagsavis. Etter oppkjøpet i 1923 gjorde Hitler Nazi-ideologen Alfred Rosenberg til sjefredaktør, ei stilling han kom til å sitje i fram til 1938. Rosenberg heldt på den antisemittiske linja i avisa, og gjorde samstundes avisa til eit organ for propagandaminister Joseph Goebbels og Hitler.

Avisa lanserte spesielle utgåver for Berlin og Sør-Tyskland i 1930, og etter Anschluss kom avisa også med ei eiga Wien-utgåve. I 1933 flytta Völkischer Beobachter inn i nye avislokalar i Berlin med tilhøyrande trykkjeri.

Utanrikskorrespondentar og diplomatar følgde gjerne med på det som stod i avisa for å finne teikn på endringar i politikken og propagandamåla til dei nazistiske makthavarane. Völkischer Beobachter gjekk inn 27. april 1945.[2]

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Völkischer Beobachter