Yinchuan

Yinchuan er hovudstaden i den autonome provinsen Ningxia i Folkerepublikken Kina, og tidlegare hovudstad av det vestlege Xia-riket. Byen har om lag 1,6 millionar innbyggjarar, men eksplosiv folkevekst i området og landet generelt gjer at ein manglar nøyaktige tal. Namnet «Yinchuan» tyder 'Sølvdal'.

银川
(pinyin yínchuān)
Jernbanestasjonen i Yinchuan.
Jernbanestasjonen i Yinchuan.
Jernbanestasjonen i Yinchuan.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Ningxia
BorgarmeisterWang Rugui
Geografi
Flatevidd6 942,86 km²
Flatevidd
 - By

4467 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

1,654,300
  370,3/km²
Koordinatar38°28′N 106°16′E / 38.467°N 106.267°E / 38.467; 106.267
Høgd over havet1100 m
TidssoneUTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer750000
Telefon-retningsnummer951
BilnummerA
Heimeside: http://yinchuan.gov.cn
Plassering
Plassering av Yinchuan
Plassering av Yinchuan

Geografi

Byen ligg 1100 meter over havet, midt på Ningxia-sletta, i ly av Helan-fjella vest for byen, og unslepp soleis dei verste sandstormane frå Mongolia. Den gule elva renn gjennom byen frå sørvest til nordaust.

Klima

Yinchuan har eit temperert kontinentalt klima, med ein årleg gjennomsnittstemperatur på 8,5 grader Celsius. Gjennom eitt år har byen i snitt 200 millimeter nedbør, og 158 frostfrie dagar. Byen ligg utsett til for sandstormar, og temperaturane kan endra seg relativt kjapt.

Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.