Hopp til innhald

Gran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For kommunen i Oppland, sjå Gran kommune. For andre tydingar, sjå gran (fleirtyding).
Gran
Gran
Gran
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av gran
Utbreiinga av gran
Systematikk
Rike:Planteriket Plantae
Rekkje:Bartre Pinophyta
Klasse:Pinopsida
Orden:Furuordenen Pinales
Familie:Furufamilien Pinaceae
Underfamilie:Piceoideae
Slekt:Granslekta Picea
Art:Gran P. abies
Vitskapleg namn
Picea abies
H.Karst., 1881

Gran (Picea abies) er eit tre i granslekta som er svært vanleg i Norden. Dette bartreet blir ofte kalla norsk gran, skogsgran eller vanleg gran for å skilja det frå andre grantypar.

Grantre blir brukt som planke- og møbelmateriale, som råstoff til å laga tremasse, cellulose, papir og kartong. Det er òg brukt til dekorasjon, særleg som juletre.

Grein, kongle og frø
Trevirke

Skildringendre wikiteksten

Grantre er tette bartre med mange kvasse nåler på 12–24 mm. Treet er tvikjønna og blømer i maijuni. Dei om lag 4 cm lange, raude eller lysegrøne hoblomane står ytst på dei øvre greinene medan dei mindre hannblomane veks lenger nede og nær krona. Konglane er dei lengste i granslekta og blir 9–17 cm lange.

Rotsystemet spreier seg utover, slik at trea ikkje har feste djupt i jorda. Dei kan derfor lett blåsa overende i sterk vind, særleg om jorda er grunn eller oppbløytt. I Noreg kan treet bli opptil 50 meter høgt med ein stammediameter på opptil 1,5 meter.

Grantrea kan ha ulike former ut frå kvar dei veks. Trea er ofte kjegleforma, gjerne med rette greiner som står vassrett ut frå stammen. I område med mykje snøfall kan greinene vera korte og peika nedover for å minska vekta dei må bera om vinteren. Andre veksttypar av gran er kamgran, som har tynne greiner hengande som hår, og slangegran, eit tre med svært få sidegreiner. Krypande tre som slår rot frå greinene kan ein finna i verharde område, på fjellet og langs kysten.

Gran kan bli 200–300 år gammalt. Ho veks best på fuktig, næringsrik jord, men kan godt tola skugge. For å trivast treng treet stabilt vinterklima.

Utbreiingendre wikiteksten

Granskog i Vestfold.
Foto: K.A. Gallis

Det veks gran over heile Nordausteuropa, austover frå Noreg og Polen, og i fjella i Sentral-Europa. Uralfjella utgjer eit skilje der underarten Picea obovata tek over på austsida.

Treet kom først til Noreg for om lag tre tusen år sidan, men er no eitt av dei vanlegaste i landet, og fortsatt under utbreiing. Det veks naturleg dei fleste stader, bortsett frå på Vestlandet og i Nord-Noreg. Det finst likevel enkelte spreidde bestandar så langt nord som i Karasjok og Sør-Varanger.[2]

Kjelderendre wikiteksten

Referansar

Bakgrunnsstoffendre wikiteksten

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gran
🔥 Top keywords: HovudsideOddvar TorsheimCarles PuigdemontSpesial:SøkGene SimmonsJa, vi elsker dette landetVerdas landTussmørkesvermararSpesial:Siste endringarWikipedia:KontaktNy-CaledoniaDet norske flaggetLora stoppestadDraumkvedetDet norske alfabetetWikipedia:Gode nynorskordWikipedia:OmAndre verdskrigenParadis i BergenKrøllalfaNetiporn SanesangkhomNasjonaldyrRayleeWikipedia:ArbeidskontoretHjelp:InnhaldWikipedia:AtterhaldWikipedia:SamfunnshusetSang til BergenWikipediaBottheim stoppestadNoregLønnPinseHurraDen norske grunnlovsdagenLinn UllmannFil:US-NLM-PubMed-Logo.svgAndre pinsedagIslandske nasjonaldrakter