Det oppstod mot slutten av det 1800-talet rørsler i fleire land som kjempa for at kvinner skulle få same røysterett som menn. Målet deira var først og fremst å få slutt på diskriminering av kvinner i høve til menn, ikkje nødvendigvis å innføre allmenn røysterett ved å fjerne diskriminering basert på økonomiske, religiøse eller rasemessige forhold.
Stemmeretten vart utvida til å gjelde kvinner på ulike tider i ulike land, og i mange tilfelle vart han også trekt attende etter nokre år. Det var også vanleg at kvinner hadde strengare vilkår for å få røysterett enn menn, for eksempel ved at berre gifte kvinner fekk retten.
Den første staden som innførte kvinneleg røysterett var New Jersey. Der vart det innført i 1776, men trekt attende i 1807. Pitcairnøyane var neste stad, i 1838. Deretter kom Sør-Australia i 1861, og så kom forskjellige territorier i USA.
Det første landet som innførte kvinneleg røysterett utan atterhald var New Zealand, rett før valet i 1893. Dette omfatta likevel berre røysteretten; det gjekk enda nokre år før kvinner kunne stille til val. Sør-Australia var den første staden som tillét kvinner å stille til val til parlamentet, i 1894, 33 år etter at kvinneleg røysterett vart innført.
Det første europeiske landet som innførte kvinneleg røysterett var Finland, som innførte allmenn røysterett og rett til å stille til val i 1906. Landet fekk i 1907 verdas første kvinnelege medlemmer av ei nasjonalforsamling, da 19 kvinner vart vald inn i riksdagen. Danmark innførte kvinneleg røysterett i lokalval i 1908 og i nasjonale val i 1915, mens Noreg innførte det for alle val i 1913.
Under første verdskrigen endra haldninga til kvinners evner og moglegheiter seg i fleire vestlege land, fordi kvinner vart sett inn i tradisjonelle mannsyrke for å fylle opp plassane til dei som var sende til fronten. I 1918 innførte Storbritannia røysterett etter nesten same vilkåra som for menn (fulle rettar vart gitt i 1928), mens kvinner i Tyskland fekk same rett som mennene. I 1920 vart kvinneleg røysterett innført i USA, og deretter fylgde dei fleste vestlege landa fram mot andre verdskrigen. Eit unntak var Frankrike, som først kom etter i 1945, samtidig som Japan.
Dei siste vestlege landa der kvinner fekk røysterett var Sveits (1971) og Liechtenstein (1984). Det er framleis nokre få land som ikkje har kvinneleg røysterett, dei fleste av dei med basis i visse tolkingar av Koranen. Bhutan skil ikkje mellom kvinner og menn, men i og med at landet har eit prinsipp om éi røyst per eigedom fører dette til at mange kvinner i røynda ikkje har røysterett.
År
Land
1893
New Zealand
1902
Australia
1906
Finland
1913
Noreg
1915
Danmark, Island
1917
Sovjetunionen
1918
Austerrike, Tyskland
1919
Tsjekkoslovakia, Luxembourg, Nederland, Polen
1920
Canada, USA
1921
Sverige
1922
Irland
1927
Uruguay
1928
Storbritannia
1929
Ecuador
1930
Sør-Afrika (kvite)
1931
Spania, Sri Lanka
1932
Brasil, Thailand
1934
Cuba, Tyrkia
1935
Burma
1938
Bulgaria, Filippinene
1942
Den dominikanske republikken
1944
Frankrike
1945
Guatemala, Ungarn, Indonesia, Japan, Panama, Trinidad og Tobago