Hopp til innhald

Børud-gjengen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børud-gjengen/Arnold B Family
OpphavHamar
Aktivca. 1980 -
SjangerGospel og a capella
MedlemmerArnold Børud
Anne-Marie Børud
Thomas Børud
Linda Børud-Lindéh
Ole Børud
Elin Børud
Tomas Lindéh

Børud-gjengen, seinare kjend som Arnold B Family, er ei norsk kristen musikkgruppe som vart starta opp av familien Arnold og Anne-Marie Børud tidleg på åttitalet på Hamar.

Historieendre wikiteksten

Arnold Børud, som var gospelmusikar og kordirigent hadde gjeve ut både soloplater og ein cd saman med kona Anne-Marie før Børud-gjengen vart starta. Ekteparet har borna Thomas Børud (f. 1970), Linda Børud (f. 1974) og Ole Børud (f. 1976). Den fyrste plata til Børud-gjengen kom ut då alle tre borna var fødde.

Børud-gjengen var ei produktiv gruppe og gav ut fleire plater, og også solo-cdar; Alle skal få vite det med Ole Børud og Linda Børud synger med barn.

Den fyrste plata gjeven ut under namnet Arnold B Family var Du løfter meg opp frå 1993. No var alle borna vaksne, og kona til Thomas, Elin Børud vart med som musikar. Seinare blei også ektemannen til Linda, Tomas Lindéh med.

Arnold B Family har tre gonger delteke i Melodi Grand Prix. Fyrste gongen var i 1995 med La oss feire livet. Då enda dei på andreplass med 327 poeng, berre slått av Secret Garden med 404 poeng for Nocturne. Denne songen gjekk vidare til å vinna Eurovision seinare det året.

Andreplassen frå 1995 vart gruppa si beste MGP-plassering. Under Melodi Grand Prix 1996 forsøkte dei med Din smittende glede, men enda på sjetteplass. Deira tredje forsøk, When I Am Looking frå Melodi Grand Prix 2000 kom på ein sjuandeplass.

Den foreløpig siste cden til Arnold B Family fekk namnet Come To Me og vart utgjeven i 2001. Fleire av medlemmene i gruppa har eigne solokarrierar. I tillegg har borna til Arnold Børud no sjølve born som gjev ut cd-ar, nemleg Lisa Børud, Sofie Børud, Dennis Lindéh og Emmy & Ella Lindéh.

Diskografi (ufullstendig)endre wikiteksten

Børud-gjengenendre wikiteksten

  • Børud-gjengen 1
  • Livet er herlig
  • I farta
  • Fest og glede - 10 år med Børud-gjengen
  • Ole Børud - Alle skal få vite det
  • Jul med Børud-gjengen (1989)
  • Virkeligst av alt (1990)
  • Linda Børud synger med barn

Arnold B Familyendre wikiteksten

  • Du løfter meg opp (1993)
  • World Tour
  • Livslyst (1995)
  • La oss feire livet (singel, 1995)
  • Daddy (1998)
  • Put your Hand in the Hand (singel, 1998)
  • Come To Me (2001)

Kjelderendre wikiteksten

Bakgrunnsstoffendre wikiteksten

  • Bokmålswikipedia om Melodi Grand Prix 1995, henta inn 22. september 2011.
  • Bokmålswikipedia om Ole Børud, henta inn 22. september 2011.
  • Bokmålswikipedia om Thomas Børud, henta inn 22. september 2011.
  • Bokmålswikipedia om Arnold Børud, henta inn 22. september 2011.
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen