Action-eventyrspel

Action-eventyrspel er ein dataspelsjanger der action-elemenet, ofte i form av kamp eller skyting, blir blanda saman med eventyrelementet,[1] der spelaren skal utforske miljø og løyse ulike oppgåver.[2] Action-eventyrspel omfattar mange av dei same fysiske rørslene som actionspel, men har i tillegg ei historie, mange ulike personar, eit eigedelssystem, dialog og andre trekk frå eventyrspel.[3]

Skjermbilete frå LOGOS Bible Video Game, eit action-eventyrspel.

Kjende action-eventyrspel er The Legend of Zelda, The Last of Us, Tomb Raider og Assassins Creed.[4]

Kjelder

Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.