Another One Bites the Dust
Another One Bites the Dust Singel av Queen frå albumet The Game | ||
B-side | «Don't Try Suicide» (USA), «Dragon Attack» (UK) | |
---|---|---|
Utgjeve | 22. august 1980 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:35 | |
Selskap | ||
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«Play the Game» (1980) | Another One Bites the Dust | «Need Your Loving Tonight» (1980)
|
«Another One Bites the Dust» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av bassgitaristen John Deacon og kom ut på det åttande studioalbumet deira, The Game (1980). Songen vart ein verdsomfattande hit og nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA, frå 4. til 18. oktober, og låg 15 veker inne på topp 10. Songen nådde òg andreplassen på Hot Soul Singles-lista og Disco Top 100-lista og sjuandeplassen på UK Singles Chart.[4][5] Songen er omtalt som den bestseljande singelen til Queen, med over sju millionar selde eksemplar.[6] Denne versjonen vart rangert på 34. plassen på lista Billboard's All-Time Top Songs.[7]
Songen vann prisen for årets rockesingel under American Music Award i 1981 og vart nominert til ein Grammy for beste rockesong.
Historie
Basslinja til John Deacon var inspirert av songen «Good Times» av discogruppa Chic.[8][9] I eit intervju med NME sa Chic-medlem Bernard Edwards «...den Queen-songen kom til fordi Queen-bassisten brukte å henge i studioet vårt».[10]
Innspelinga vart produsert av Reinhold Mack i Musicland Studios i München (Vest-Tyskland) og Deacon spelte nesten alle instrumenta sjølv: bassgitar, piano, rytme- og sologitar og handklapping. Roger Taylor la på ein tromme-loop og Brian May medverka med nok støy frå gitaren sin. Det er ingen synthesizerar på songen. Alle effektane er skapt med piano, gitarar og trommer, men lydbandet dei er spelt inn på vart sidan endra på forskjellig vis. Etter at Michael Jackson hadde sett bandet på ein konsert i Los Angeles, føreslo han for Freddie Mercury at dei burde gje «Another One Bites the Dust» ut på singel.[11] På tidlege konsertversjonar song trommeslagaren Roger Taylor solo på refrenget, medan heile studioversjonen er sungen av Mercury. Etter kvart som songen vart kjend, let bandet publikum syngje refrenget sjølv.
Musikkvideoen for «Another One Bites the Dust» vart filma i Reunion Arena i Dallas i Texas.[12] Songen finst òg på Greatest Hits frå 1981.
Tidleg i 1980-åra vart det hevda at det var ei maskert baklengsmelding på songen, der det vart hevda at når ein spelte refrenget baklengs, så kunne ein høyre «Decide to smoke marijuana»,[13] «It's fun to smoke marijuana»,[14] eller «Start to smoke marijuana».[15] Ein talsmann for Hollywood Records (selskapet til Queen) har nekta for at songen inneheld slike meldingar.[16]
Musikkvideo
Musikkvideoen for songen vart regissert av Daniella Green i 1980.[17]
Medverkande
- Freddie Mercury – solo- og korvokal
- Brian May – elektrisk gitar
- Roger Taylor – trommer
- John Deacon – bassgitar, rytmegitar, piano
Lister og salstrofé
Vekeslister
Originalutgåva
| Nyutgjeving
Årslister
|
Gjennom alle tider
| Salstrofé
|
Hollywood Records-miksar
Den første offisielle remixen av «Another One Bites The Dust» var Phase 5's Long Dusted B-Boy Version, som kom ut på samleplata BASIC Beats Sampler tidleg i 1992. Miksen inneheld eit nytt rap-vers av Money-B frå Raw Fusion og mange samplingar frå andre plater, som «Flash» av Queen sjølv, «The Breaks» av Kurtis Blow, «I Know You Got Soul» av Eric B. & Rakim, «Good Times» av Chic, «Hyperbolicsyllabicsesquedalymistic» av Isaac Hayes og «It's Too Funky in Here» av James Brown. Dave Ogilvie redigerte Phase 5-miksen for samlinga BASIC Queen Bootlegs. Ein annan miks av Onyx-produsenten ChySkillz var meint å vere med på same albumet med rapvers av Ice Cube, Hi-C og Manson. Ogilvie spelte òg inn sin eigen miks for albumet. Albumet vart aldri noko av, men alle fire versjonane er sidan gjevne ut.
Wyclef Jean-miks
Another One Bites The Dust (Wyclef Jean Remix) Singel av Queen og Wyclef Jean med Pras og Free frå albumet Small Soldiers O.S.T og Ghetto Supastar | ||
Utgjeve | 20. november 1998 | |
Innspelt | 1998 | |
Sjanger | Hip hop | |
Lengd | 4:20 | |
Selskap | DreamWorks | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
---|---|---|
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«No-One but You (Only the Good Die Young)» (1997) | Another One Bites The Dust (Wyclef Jean Remix) | «Under Pressure (Rah Mix)» (1999) |
Pras Michel-kronologi | ||
«What'cha Wanna Do» (1998) | Another One Bites The Dust (Wyclef Jean Remix) | «Miss California» (2001) |
I 1998 miksa den amerikanske rapperen Wyclef Jean songen for filmen Small Soldiers. Versjonen hans inneheld rapvers frå Pras Michel og Free, og musikk av Queen. Songen kom ut på Queen-samlinga Greatest Hits III i 1999,[52] og på debutalbumet til Pras, Ghetto Supastar, i 1998.
Singelen nådde femteplassen på lista i Storbritannia,[53]. Han nådde òg topp ti i Finland. Musikkvideoen for denne versjonen vart regissert av Michel Gondry.
Innhald
- Amerikansk CD-singel[54]
- «Another One Bites the Dust» (Radio Edit) (4:00)
- «Another One Bites the Dust» (LP Version) (4:20)
- «Another One Bites the Dust» (Instrumental) (4:17)
- «Another One Bites the Dust» (Acappella) (4:45)
- UK CD-singel[55]
- «Another One Bites the Dust» (New LP Version) (4:20)
- «Another One Bites the Dust» (Team 1 Black Rock Star Main Pass Mix) (4:46)
- «Another One Bites the Dust» (Team 1 Black Rock Star Radio Edit) (4:17)
- Tysk CD-singel[56]
- «Another One Bites the Dust» (Small Soldiers Remix) (4:20)
- «Rock and Roll (Part 2) (Dutch Remix)» (instrumental) (performed by Gary Glitter) (3:51)
- «Another One Bites the Dust» (Instrumental) (4:17)
- Tysk CD-singel[57]
- «Another One Bites the Dust» (Radio Edit) (4:00)
- «Another One Bites the Dust» (Instrumental) (4:17)
Lister
Liste (1998–99) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[58] | 23 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[59] | 13 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[60] | 29 |
Finland (Suomen virallinen lista)[61] | 7 |
Frankrike (SNEP)[62] | 62 |
Tyskland (Media Control AG)[63] | 46 |
YEAR AND WEEK MANDATORY FIELDS FOR IRISH CHARTS | 11 |
Italia (FIMI)[64] | 20 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[65] | 21 |
Nederland (Mega Single Top 100)[66] | 21 |
New Zealand (RIANZ)[67] | 9 |
Noreg (VG-lista)[68] | 20 |
Sverige (Sverigetopplistan)[69] | 50 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[70] | 35 |
UK Singles (Official Charts Company)[53] | 5 |
Queen vs. The Miami Project
Another One Bites the Dust (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit) Singel av Queen vs. The Miami Project frå albumet Another One Bites the Dust (The Miami Project Remixes) | ||
B-side | «Another One Bites the Dust (Original Version)» | |
---|---|---|
Utgjeve | 2006 | |
Sjanger | House | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Positiva | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«Flash (Vanguard Mix)» (2003) | Another One Bites the Dust (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit) | «Say It's Not True» (2007)
|
Songen vart miksa på ny i 2006. Singelen nådde topp 40 i Storbritannia med ein 31. plass og var tilskriven Queen vs The Miami Project.[71] Hovudmiksen vart laga av Cedric Gervais & Second Sun og det vart laga ein ny musikkvideo. Andre miksar vart laga av Oliver Koletzki, A Skillz, Soul Avengerz og DJ Pedro & Olivier Berger .[72]
Innhald
- 7" biletdisk på vinyl
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit)
- «Another One Bites the Dust» (Original Version)
- CD-singel
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit)
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Vocal Mix)
- «Another One Bites the Dust» (Oliver Koletski Remix)
- «Another One Bites the Dust» (A Skillz Remix)
- «Another One Bites the Dust» (Soul Avengerz Remix)
- «Another One Bites the Dust» (DJ Pedro & Oliver Berger)
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit) (video)
- Digital EP
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit)
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Vocal Mix)
- «Another One Bites the Dust» (Oliver Koletski Remix)
- «Another One Bites the Dust» (A Skillz Remix)
- «Another One Bites the Dust» (Soul Avengerz Remix)
- «Another One Bites the Dust» (DJ Pedro & Oliver Berger)
Lister
Liste (2006–07) | Plassering |
---|---|
Danmark (Tracklisten)[73] | 13 |
Finland (Suomen virallinen lista)[74] | 3 |
Tyskland (Media Control AG)[75] | 88 |
Italy (FIMI)[64] | 58 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[76] | 30 |
Nederland (Mega Single Top 100)[77] | 49 |
Spania (PROMUSICAE)[78] | 9 |
UK Singles (Official Charts Company)[71] | 31 |
Captain Jack-versjonen
Another One Bites the Dust Singel av Queen Dance Traxx featuring Captain Jack frå albumet Queen Dance Traxx 1 | ||
Utgjeve | 10. oktober 1996 | |
Sjanger | Eurodance | |
Lengd | 3:48 | |
Selskap | EMI, Elektra Records, EMI Records | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
---|---|---|
Produsent |
| |
Captain Jack-kronologi | ||
«Little Boy» (1996) | Another One Bites the Dust | «Together and Forever» (1997)
|
I 1996 spelte Queen Dance Traxx og den tyske eurodance-gruppa Captain Jack inn songen for albumet Queen Dance Traxx 1 og gav songen ut på singel i oktober 1996. Songen nådde femteplassen i Finland og 12. plassen i Nederland. Musikkvideoen for denne versjonen vart regissert av Rudi Dolezal og vart filma i Berlin i Tyskland.
Innhald
- «Another One Bites the Dust» (Radio Mix) – 3:48
- «Another One Bites the Dust» (Club Mix) – 5:29
Miksa av Hal & Dj Ufuk a.k.a. Helmut Apel & Ufuk Yildirim
- «Another One Bites the Dust» (DJs Extended Mix) – 6:23
Lister
Liste (1996–97) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[79] | 33 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[80] | 41 |
Finland (Suomen virallinen lista)[81] | 5 |
Tyskland (Media Control AG)[82] | 61 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[83] | 12 |
Nederland (Mega Single Top 100)[84] | 14 |
Andre versjonar
I 1981 skreiv «Weird Al» Yankovic ein parodi av songen, kalla «Another One Rides the Bus». Denne versjonen vart spelt inn live på Dr. Demento Show og vart gjeven ut på debutalbumet hans.[85]
Songen var på rockelista til Kurt Cobain då han voks opp i Aberdeen i Washington, og den 10. oktober 1991, spelte Nirvana eit kort utdrag av songen (utan vokal) i byrjinga av konserten sin i Cleveland i Ohio eit par veker etter gjennombrotsalbumet deira Nevermind kom ut.[86]
Mellom 1991 og 1992 spelte Ice Cube ein hiphop-versjon av songen.
I 1997 gav det argentinske bandet Illya Kuryaki and the Valderramas ut ein versjon på spansk kalla «Otro Muerde el Polvo».
I 2004 song Gwen Stefani linja «Another one bites the dust» på den Pharrell Williams-produserte songen «Hollaback Girl» frå albumet Love. Angel. Music. Baby. Medan ho syng linja spelar blåserekkja basslinja til John Deacon. Songen vart ein singel året etter.
I 2010 vart songen sungen av Jonathan Groff i TV-serien Glee.[87]
Sampling
I 1981 vart songen sampla av Grandmaster Flash på «The Adventures of Grandmaster Flash on the Wheels of Steel».
I 1997 vart songen sampla av Foxy Brown og Jay Z på Trackmasters-miksen av singelen hennar «I'll Be».
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Offisielle YouTube-videoar: original musikkvideo, Live at Wembley, Live at the Bowl, Queen + Paul Rodgers
- Tekst frå den offisielle nettsida til Queen: version from Live Magic, version from Return of the Champions
- polyhex.com UK Singles Chart runs
- Heile songteksten på MetroLyrics