archive.today

archive.today (òg kjent som archive.ph og archive.is) er ein arkiveringsnettstad som lagrar augneblinkbilde av nettsider.[1] Han har støtte for JavaScript-tunge nettsider som Google Maps og progressive webapplikasjonar som Twitter. Arkivet opprettar to augneblinkbilde: Ein replikasjon av den opphavlege nettsida, og dessutan ein skjermdump. Nettstaden blei opphavleg grunnlagd i 2012 som archive.today, men bytta namn i 2015 til archive.is. I 2019 byrja ei utfasing av archive.is-domenet til fordel for dagens archive.today-spegel.[2]

Archive.today

Type nettstadnettstad, webarkiv, nettleserutvidelse
Tilgjengeleg påfleire språk
Grunnlagd16. mai 2012
OpphavslandTsjekkia
Nettstadarchive.is/,

Funksjonalitet

Archive.today bruker «headless browsing» for å ta opp dei omgivande ressursane som trengst for å fanga augneblinkbildet av høg kvalitet, og opprettar eit PNG-bilde for å gje ei statisk og ikkje-interaktiv visualisering av nettsida.[3]

I motsetnad til søkerobotar som Wayback Machine, lagrar archive.today berre individuelle sider etter eksplisitte brukarspurnader, og respekterer derfor ikkje robots.txt-filer.[4] På grunn av dette kan ikkje nettsideeigarar fjerna innhald.[5]

Sidan juli 2013 har archive.today støtta Memento Projects programmeringsgrensesnitt (API).[6][7]

Veesp hostar archive.today.[8] Nettstaden var verna av Cloudflare frå 16. august 2018 til 2. september 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Archive.today