Aust-Jerusalem

Aust-Jerusalem syner til den austlege delen av Jerusalem, men den israelske og palestinske definisjonen av området varierer.[1] Under den arabisk-israelske krigen i 1948 kjempa Jordan og Israel om Jerusalem, og under våpenkvileavtalen, forhandla dei to landa i løyndom om ei deling av byen, der den austlege delen kom inn under jordansk styre. Denne avtalen vart formalisert i Rhodes-avtalen i mars 1949.[2][3] Ei veke etter David Ben-Gurion erklærte Jerusalem hovudstad i Israel, annekterte Jordan Aust-Jerusalem,[4] og desse avgjerslene vart stadfesta høvesvis i Knesset i januar og det jordanske parlamentet i april 1950.[5] Då området vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967, kom Aust-Jerusalem, med dei utvida grensene, under israelsk styre.[6] Aust-Jerusalem omfattar Gamlebyen og somme av dei mest heilage stadane i jødedom, kristendom og islam, som Tempelhøgda, Vestmuren, Al-Aqsa-moskéen og Den heilage grav-kyrkja.

Aust-Jerusalem
by
Kart over Aust-Jerusalem (2007)
Land Dei palestinske territoria
Del avJerusalem, Vestbreidda, Israels okkuperte områder
ByJerusalem
Kart
Aust-Jerusalem
31°47′00″N 35°14′02″E / 31.78336°N 35.23388°E / 31.78336; 35.23388
Wikimedia Commons: East Jerusalem

Omgrepet syner stundom til området som vart innlemma i Jerusalem kommune etter 1967 og dekkjer kring 70 kvadratkilometer. Stundom syner det til eit mindre område som Jordan kontrollerte før 1967, som omfatta 6,4 kvadratkilometer.

I den palestinske sjølvstendeerklæringa til Palestinsk frigjeringsorganisasjon frå 188, er Jerusalem erklært som hovudstaden i Staten Palestina. I 2000 vedtok Dei palestinske sjølvstyresmaktene ei lov som utpeikte Aust-Jerusalem som hovudstad, og lova vart stadfesta i 2002 av Yasser Arafat,[7] men Israel tillet ikkje dei palestinske styresmaktene å ha embete i Aust-Jerusalem.

I 1980 erklærte Israel heile Jerusalem, både den austlege og den vestlege delen, å vere den udelte hovudstaden i landet, medan nekta samstundes for at dette tydde ei annektering. Statusen til Aust-Jerusalem i folkeretten er framleis uviss: Tryggingsrådet til Dei sameinte nasjonane avslo den israelske resolusjonen som eit 'brot på folkeretten,[8] og det internasjonale samfunnet har ikkje godteke israelsk suverenitet over området.[9]

Kjelder

🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen