Baise i Guangxi

Baise (hanzi 百色, pinyin Bǎi Sè, tidlegare Bósè) er eit byprefektur i den autonome regionen Guangxi i Folkerepublikken Kina.

Baise
prefektur
Land Folkerepublikken Kina
Areal36 201,77 km²
Folketal 3 669 400 (2018)[1]
Kart
Baise i Guangxi
23°54′04″N 106°37′10″E / 23.90103°N 106.61943°E / 23.90103; 106.61943
Wikimedia Commons: Baise
Baise i Guangxi

Baise ligg nordvest i Guangxi og grensar til provinsane Guizhou og Yunnan, og til Vietnam. Prefekturet ligg midt mellom tre sørvestkinesiske administrasjonshovudstadar, Nanning, Kunming og Guiyang. Av arealet på 3 726 km² er meir enn 55 % skog.

Klimaet i Baise er tropisk, og det ligg i monsunområdet. Den årlege nedbøren er gjennomsnittleg på 1115 mm, og snittemperaturen er 22 °C.

Byen Baise vart grunnlagt som ein han-kinesisk garnison i 1730. Han var rekna som eit stammeområde, og hadde historisk lite sentral kontroll. På 1800-talet byrja kjøpmenn frå Guangzhou (Canton) å slå seg ned der, og i 1875 kom staden under vanleg sivil administrasjon.[2]

Administrative einingar

Baise omfattar eitt bydistrikt, 11 fylke og eitt autonomt fylke.

Bydistrikt:

  • Youjiang (右江区)

Fylke:

  • Longlin (隆林县)
  • Leye (乐业县)
  • Xilin (西林县)
  • Tianlin (田林县)
  • Lingyun (凌云县)
  • Tianyang (田阳县)
  • Tiandong (田东县)
  • Pingguo (平果县)
  • Debao (德保县)
  • Napo (那坡县)
  • Jingxi (靖西县)

Autonomt fylke:

  • Longlin Gezu Zizhi (隆林各族自治县)

Folkesetnad

Folkegruppene zhuang, han, yao, hui og miao er dei mest talrike i prefekturet.I 2019 hadde Baise 4 226 800 innbyggjarar, av desse budde 1,383,400 i byområdet.[3] 80 % av innbyggjarane var zhuangfolk.[4]

Økonomi

Baise er ein av dei viktigaste produsentane av aluminium i Kina, med både gruvedrift, foredling og produksjon av aluminiumsprodukt. Det tropiske klimaet legg til rette for stor fruktproduksjon. Ellers er trevirke og treprodukt viktige og der er også petroleum, naturgass, kopar og kvarts. Baise er også den tredje største vasskraftprodusenten i Guangxi med ein årleg produksjon på fem millionar kilowatt.

Turisme

Området er rekna for å ha ven natur.[5] Dei skogdekte fjellområda i Baise har mange plante- og dyreslag. Grensetraktene er blant dei minst utvikla delane av Kina. Dette, saman med det etniske mangfaldet, har vore gunstig for utviklinga av turistnæringa.

Kjelder

Bakgrunnsstoff