Benidorm

Benidorm er ein kystby og kommune i Valenciaregionen i provinsen Alicante i Spania ved Middelhavet.[1]

Benidorm
Horisonten til Benidorm
Horisonten til Benidorm
Byvåpenet til Benidorm
Byvåpenet til Benidorm


Plassering
Benidorm is located in
Styresmakter
Land Spania
Autonom regionValencia
ProvinsAlicante
Grunnlagd1325
BorgarmeisterAgustín Navarro
Geografi
Flatevidd
 - By

38,51 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

70 280
  1 825 /km²
Koordinatar38°32′N 0°8′W / 38.533°N 0.133°W / 38.533; -0.133
Høgd over havet15 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer03501-03503
Nettstad: www.benidorm.org

Før 1960-åra var berre Benidorm ein liten landsby. I dag er han kjend for hotellindustrien, strendene og skyskraparane og er bygd for ein turistretta økonomi. Byen har kring 70 000 innbyggjarar som bur der permanent, og er den femte største i provinsen. Han er ein av dei viktigaste feriestadane i Spania.[1]

På grunn av den unike horisonten og dei mange høge hotella og bustadblokkene vert han stundom kalla Spania sitt svar på Manhattan eller «Beniyork».

Like ved Benidorm ligg det 1406 meter høge fjellet Puig Campana, som er eit av dei høgaste fjella langs Costa Blanca.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Benidorm
Reiseguide for Benidorm frå Wikivoyage