Clara Bow

amerikansk skodespelar

Clara Bow (29. juli 190527. september 1965) var ein amerikansk skodespelar og songar med store suksessar på nittentjue- og trettitalet. Bow blir rekna som eit av dei fyrste sexsymbola i USA, den fyrste it-jenta og dessutan eit symbol på det glade tjuetalet.

Clara Bow

Fødd29. juli 1905
FødestadBrooklyn
Død27. september 1965 (60 år)
DødsstadLos Angeles
FødenamnClara Gordon Bow
Aktive år1921–1933
Verka somskodespelar, filmskodespelar
EktefelleRex Bell
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Biografi

Bow voks opp under fattige tilhøve i Brooklyn med ein far som ofte var arbeidslaus, Robert, og ei mor som leid av epilepsi og psykotiske episodar, Sarah. Då ho var seksten år gammal vann ho ein riksdekkande skodespelarkonkurranse.

Bow spelte inn fem filmar i New York i perioden 1921–1923. Som 17-åring var ho ein etablert skodespelar som var interessant for studioa i Hollywood. Preferred Pictures var først og tilbaud henne ein fleirårig kontrakt som ho underskreiv i august 1923. Ettersom ho var mindreårig blei det utpeika ein anstand til å passa på henne. Snart fekk ho likevel far sin til å koma i staden flytta inn. Mora døydde i mars 1923 av sjukdommen sin.

På 1920-talet oppstod omgrepet flapper i USA om ein ny type moderne unge kvinner. 18 år gammal spelte Bow for fyrste gongen denne karakteren, som ho skulle koma til å symbolisera, i filmen Black Oxen (1923). Ho fekk kallenamnet "Den perfekte flapperen'" - ei frigjort ung kvinne med uendeleg energi, bobba hår, amorbogeleppar og glitrande auge.

Karrieren til Bow karriere gjekk stadig framover, og i den sjette Hollywood-filmen hennar Wine frå sommaren 1924 blei ho 19 år gammal topp-kreditert for første gong. I 1925 kom The Plastic Age, som gjorde henne til den mest omskrivne skodespelaren i Hollywood.

Superstjerne

I 1926 kom nøkkelfilmane Dancing Mothers og Mantrap ut, og tidleg i januar 1927 It, som blei det internasjonale gjennombrotet til Bow. It bygde på ei forteling av den populære forfattaren Elinor Glyn. Bow blei lansert som the It-girl, jenta som hadde Det. Dette året laga ein også filmen Wings med Bow i hovudrolla. Denne filmen vann prisen for beste film på den fyrste Oscar-gallaen i mai 1929.

Populariteten til Bow var som størst i 1929 då ho i januar fekk over 45000 beundrarbrev (LA Postmaster), ein rekord som ingen har slått. Bow debuterte i den første lydfilmen sin The Wild Part i april 1929. Ho høyrdest slik som ho såg, ut meinte mellom anna New York Times, og den pratande og syngjande Bow blei verande den mest populære skodespelaren i USA. Bow mislikte likevel talefilmen som avgrensa pantomimen hennar til nær mikrofonen. Den samtidige lydteknologien gav ei ny uttrykksform på kostnad av ei anna.

Bow leid av søvnproblem, og sa i 1929 til pressa at ho ønskte at det var 1931 så kontrakten hennar med Paramount kunne vera over og ho kunne forlata Hollywood. Etter ein forvirrande og smertefull juridisk kamp med privatsekretæren sin Daisy DeVoe, som var dømt for underslag, i 1931, fekk Bow nervesamabrot og blei nøydd til å bryta kontrakten sin med Paramount. Ho forlet Hollywood i juni samet året.

Etter karrieren

I desember 1931 gifta Bow seg med cowboy-skodespelaren Rex Bell, og slo seg ned på ein ranch i Nevada, "Mitt ørkenparadis". Bow kom seg, og når ryktet om dette spreidde seg freista fleire filmselskap å få henne under kontrakt. Bow spelte i Call her savage 1932 og Hoopla i 1933 for Fox for å, som ho sa, "få råd til å ikkje trenga venda tilbake til Hollywood meir". Bow hadde spelt i 57 filmar då ho 27 år gammal trekte seg attende.

Bow fekk to søner, fødde i desember 1934 og i juni 1938. Mannen hennar var politisk aktiv, og blei etterkvart leiar for det republikanske partiet i Nevada og lieutenant governor i delstaten. Bow opptredde særs sjeldan ved sida hans. Søvnløysa hennar heldt fram med å plaga helsa hennar. I 1965 gjekk ho bort i eit hjarteattakk. Den påfølgjande obduksjonen viste at Bow leid av åreforkalking og at hjartet hennar bar skadar forårsaka av eit tidlegare, udiagnostisert hjarteattakk.

Galleri

Kjelder

  • "The It girl" bok av Joe Morella och Edward Z Epstein, 1976, Dell pub, Co, Inc, ISBN 0-440-14068-4
  • "Clara Bow Runnin' Wild", bok av David Stenn, 1988 Penguin Books, a Division of Viking Penguin, New York
  • "My life" av Clara Bow, berättat för Adele Rogers St Johns, publicerat i tidningen Photoplay Magazine, Feb, Mar, Apr 1928
  • En artikelserie i Sexton delar om Clara Bows liv och karriär av Louella O Parson publicerat i dagstidningen "The San Antonio Light" i maj och juni 1931
  • Dagstidningsdatabasen "NewspaperARCHIVE.com"