Dyspareuni

Dyspareuni (frå gresk dys-, ‘dårlig’ og parevnos, ‘samleie’) er smerte ved samleie eller, for kvinner, penetrering.[1] Det kan opptre hjå begge kjønn, men er vanlegast hjå kvinner.[2] Årsaka kan vera psykisk eller fysisk. Det oppter til dømes ved Sjögrens syndrom.

Dyspareuni
Medisinsk namnDyspareunia
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:625.0
ICD-10-kode:F52.6, N94.1
MeSHD004414

Dyspareuni hjå kvinner

Dyspareuni hjå kvinner kan oppstå ved penetrerande samlei eller innføring av til dømes tampongar. Det kan delas inn i ein ytre og ein djup variant. Den ytre varianten er dominert av smerte hovudsakleg frå vulva og vagina medan den djupe varianten har meir magesmerte og til dømes opptrer i samband med endometriose og myom.[1] Om smerta kjem av sjølve friksjonen i skjeden kan det koma av skjøre slimhinner eller xerosis cutis (tørrleik) i skjeden.

Om det ikkje blir behandla kan dyspareuni føra til vaginisme, som er ein ufrivillig muskelspasme eller vestibulitt.

Globalt er 8-22 % av kvinner i verda råka av dyspareuni ein eller annan gong i livet, ifølgje ein gjennomgang av fleire forskingsrapportar.[3]

Dyspareuni hjå menn

Dyspareuni kan også opplevast av menn. Menn kan kjenna smerta før eller under ejakulasjon i samband med infeksjonar i til dømes prostata, interstitiell cystitt, vissa kjønnssjukdommar, kort frenulum eller forhudsfortrenging.[4]

Om smerta kjem av ereksjonen, talar ein i staden om priapisme.

Kjelder