Edward Gibbon

britisk skribent og historikar

Edward Gibbon (8. mai 173716. januar 1794) var ein britisk historikar fødd i Putney. Han er særleg kjend for seksbandsverket The History of the Decline and Fall of the Roman Empire.

Edward Gibbon

Henry Walton: Edward Gibbon, 1773
StatsborgarskapKongeriket Storbritannia
Fødd8. mai 1737
Putney
Død

16. januar 1794 (56 år)
London

Yrkehistorikar, politikar, klassisk filolog, skribent
Språkfransk, engelsk, tsjekkisk
Politisk partiWhigpartiet
Medlem avRoyal Society
Religionkatolisisme, Protestantisme
FarEdward Gibbon
MorJudith Porten
Ektefelleingen verdi
Edward Gibbon på Commons

Gibbon gjekk over til katolisismen 16 år gammal, og vart av den grunn utvist frå universitetet i Oxford. Deretter budde han i fem år i Lausanne, noko som påverka han mykje i retning fransk tanke og stil. I namnet vart han på ny protestant, men i røynda ein person skeptisk til all religion. Han gav i 1761 ut Essai sur l'étude de la littérature.

År 1764 budde Gibbon ei tid i Roma. Her fekk han ideen om å skildre Romarriket frå makt og prakt til forfall. Det fyrste bandet i livsverket History of the Decline and Fall of the Roman Empire kom ut i 1776, og vart straks omfatta med stor interesse. Sjette og siste bandet kom frå hans hand tolv år seinare. Dei siste banda skreiv han i Lausanne, der han budde 1783–93. Verket er eit av dei monumentale verka i britisk litteratur. Stilen er pompøst retorisk, levande og artistisk blomstrande, men samstundes basert på stor kunnskap om emnet, og beundring for Romarrikets velde.

I samtida var Gibbon sitt arbeid både banebrytande og skapte debatt. Verket ber mykje preg av å vere skrive i opplysningstida, særleg kva gjeld oppgjeret med kyrkja. Han avviste dei klassiske oppfatningane om kristendommen i antikken, og plasserte martyrmytane i ein historisk samanheng. I dag er størstedelen av Romarrikets nedgang og fall forelda. Særleg gjeld det dei fyrste banda, der Gibbon i alt for høg grad støtta seg på Historia Augusta, eit falskneri frå 300-talet e.Kr. Det same gjeld kapitla om Bysants, eit rike han tydelegvis hadde lite til overs for.

Gibbon som person kjende seg meir heime i Lausanne og Sveits, enn han gjorde i England. Utviklinga av den franske revolusjonen førte likevel til at han i 1793 reiste tilbake til London, der han døydde kort etter.

Kjelder