Elektronisk dansemusikk

musikksjanger

Elektronisk dansemusikk (også kjend som EDM, klubbmusikk, dance music eller berre dance,[1] er ei nemning på eit sett perkussive sjangrar innan elektronisk musikk med musikk som primært er produsert til bruk av DJ-arnattklubbar og festivalar for å dansast til.[2] Produsentar av elektronisk dansemusikk bruker hovudsakleg elektroniske instrument som synthesizer, trommemaskin, sequencerar og samplerar.[3]

Felles i all elektronisk dansemusikk er eit stødig og relativt rask tempo (normalt på mellom 120 og 150 BPM, men enkelte sjangrar kan nå 180 BPM), eit bass-basert trommemønster som blir repetert, og nedtoning av tekstar og vokal - elektronisk dansemusikk er hovudsakleg instrumental.[4]

Elektronisk dansemusikk oppstod mot slutten av 1970-talet som eit resultat av framveksten av disco, nattklubbar og moderne DJ-ing,[5] saman med fallande prisar på effektive elektroniske musikkinstrument som synthesizerar, sequencerar og trommemaskinar.[6] Mange disco-produsentar vende seg vekk frå tradisjonelle musikkinstrument (som gitar, bassgitar, trommer, piano, messingblåsarar, fiolinar og fløyter) og omfamna i staden elektroniske instrument. Donna Summer sin banebrytande låt «I Feel Love» frå 1977, produsert av Giorgio Moroder, er rekna som eit av de første eksempla på elektronisk dansemusikk.[7] Kraftwerk sine singlar «Autobahn» frå 1975 og «Trans Europe Express» frå 1977 er to andre døme. Begge singlane blei store undergrunnshittar på diskotek verds over, og særleg i afroamerikanske klubbmiljø i New York, Detroit og Miami.[8]På 1980-talet sprang dei første sjangrene ut av lokale klubbmiljøa, for eksempel oppstod «house» i Chicago, «garage» i New York, og «techno» i Detroit.[9]

Kjelder