Empire State Building

Empire State Building er ein 102-etasjars skyskrapar i art deco-stil i New York by i USA, som ligg der Fifth Avenue og West 34th Street møtest. Namnet på bygningen kjem av kallenamnet på delstaten New York, The Empire State. Han var den høgste bygningen i verda i meir enn førti år, frå han var ferdigbygd i 1931 til nordtårnet til World Trade Center stod ferdig i 1972. Etter at World Trade Center vart ramma av terroråtak i 2001, vart Empire State Building igjen den høgste bygningen i New York by og delstaten New York.

Empire State Building

ArkitektShreve, Lamb & Harmon
Opna1. mai 1931
Stilart deco
Kart
Empire State Building
40°44′54″N 73°59′07″W / 40.748333333333°N 73.985277777778°W / 40.748333333333; -73.985277777778

American Society of Civil Engineers har gjeve Empire State Building status som eitt av dei sju underverka i den moderne verda. Bygningen og interiøret i 1. etasje er gjevne status som landemerke av New York City Landmarks Preservation Commission, og også av New York City Board of Estimate.[1] Han vart gjeven status som National Historic Landmark i 1986.[2][3][4] I 2007 vart han plassert som nummer éin på American Institute of Architects si liste over favorittarkitektur i USA. Bygningen er ått og driven av W&H Properties.[5]

Empire State Building er den tredje høgste skyskraparen i Amerika (etter Willis Tower (tidlegare Sears Tower) og Trump International Hotel and Tower, begge i Chicago), og den 15. høgste i verda. Han er også det fjerde høgste frittståande byggverket i Amerika.

Empire State Building, med Chrysler Building i bakgrunnen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Empire State Building