Europakommisjonen

en av Den europeiske unions institusjonar

Europakommisjonen er EU sitt fremste utøvande organ, og er den einaste institusjonen i EU som kan føre eit lovforslag i pennen. I tillegg har han også enkelte lovgivande funksjonar, som å kontrollere at medlemslanda rettar seg etter dei ulike EU-traktatane.

Europakommisjonen

Skipa1. januar 1958
HovudkontorBrussel
LeiarUrsula von der Leyen
Tilsette32 399 (2019) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://ec.europa.eu/ Sjå dette på Wikidata
Europakommisjonen i Brussel.

Kommisjonen består av 27 kommissærar, ein frå kvart medlemsland i EU. Presidenten for organet er portugisiske José Manuel Durão Barroso.

Medlemmer

Kvar av kommissærane har ansvar for eit bestemt politisk område. Presidenten blir vald av Det europeiske råd, og blir godkjent av Europaparlamentet. Dei resterande kommissærane blir valde av regjeringane i kvar enkelt medlemsstat i samsvar med presidenten. Kommissærane skal representere heile unionen, og har slik sett ikkje lov å motta instruksjonar frå sitt eige land sine myndigheiter.

Noverande medlemmer

Dei 27 kommissærane er:

  • José Manuel Durão Barroso (Portugal), president
  • Margot Wallström (Sverige), første visepresident og kommissær for institusjonelle relasjonar og kommunikasjon
  • Günter Verheugen (Tyskland), visepresident og kommissær for næringsverksemd og industri
  • Antonio Tajani (Italia), visepresident og kommissær for samferdsel
  • Siim Kallas (Estland), visepresident og kommissær for administrative saker, revisjon og bedrageribekjemping
  • Jacques Barrot (Frankrike), visepresident og kommissær for justis, fridom og tryggleik
  • Viviane Reding (Luxembourg), kommissær for informasjonssamfunnet og media
  • Stavros Dimas (Hellas), kommissær for miljø
  • Joaquín Almunia (Spania), kommissær for finans- og pengemarknadspolitikk
  • Danuta Hübner (Polen), kommissær for regionale spørsmål
  • Joe Borg (Malta), kommissær for fiskeri og maritime spørsmål
  • Dalia Grybauskaité (Litauen), kommissær for finans og budsjett
  • Janez Potočnik (Slovenia), kommissær for vitskap og forsking
  • Jan Figel (Slovakia), kommissær for utdanning, kultur og ungdom
  • Androulla Vassiliou (Kypros), kommissær for helse
  • Olli Rehn (Finland), kommissær for utviding
  • Louis Michel (Belgia), utvikling og humanitær bistand
  • László Kovács (Ungarn), kommissær for skatt og toll
  • Neelie Kroes (Nederland), kommissær for konkurranse
  • Mariann Fischer Boel (Danmark), kommissær for landbruk og distriktsutvikling
  • Benita Ferrero-Waldner (Austerrike), kommissær for utanrikssaker og naboskapspolitikk
  • Charlie McCreevy (Irland), kommissær for det indre marked og tenester
  • Vladimír Špidla (Tsjekkia), kommissær for sysselsetting, sosiale saker og likestilling
  • Peter Mandelson (Storbritannia), kommissær for handel
  • Andris Piebalgs (Latvia), kommissær for energi
  • Meglena Kuneva (Bulgaria), kommissær for forbrukarvern
  • Leonard Orban (Romania), kommissær for språkleg mangfald

Presidentar i Europakommisjonen

PresidentInnsettForlét stillinga
1 Walter Hallstein19581967
2 Jean Ray19671970
3 Franco Maria Malfatti19701972
4 Sicco Mansholt19721973
5 François-Xavier Ortoli19731977
6 Roy Jenkins19771980
7 Gaston Thorn19811984
8 Jacques Delors19851995
9 Jacques Santer19951999
10 Romano Prodi19992004
11 José Manuel Barroso20042014

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Europakommisjonen