Extremadura

Extremadura (ekstremaduransk Estremaura) er ein autonom region vest i Spania med regionsshovudstad Mérida. Han er vidare delt inn i provinsane Cáceres og Badajoz. Extremadura grensar til Portugal i vest og er eit viktig område for dyreliv, særleg med det store reservatet i Monfragüe, som vart ein nasjonalpark i 2007. I nord ligg Castilla y León (provinsane Salamanca og Ávila); i sør ligg Andalucía (provinsane Huelva, Sevilla og Córdoba); og i aust ligg Castilla-La Mancha (provinsane Toledo og Ciudad Real).

Extremadura
Estremaura
region
Flagg
Symbol
Land Spania
HovudstadMérida
Areal41 634 km²
TypeAutonom region
Folketal 1 059 501 (2021)[1]
PostnummerEX
Kart
Extremadura
39°12′N 6°09′W / 39.2°N 6.15°W / 39.2; -6.15
Wikimedia Commons: Extremadura

Geografi

Extremadura har eit areal på 41 634 km², og er den femte største autonome regionen i Spania. Han ligg på det sørlege platået, som er ein del av Det sentrale platået i Spania.

Fjell

Nord i Extremadura ligg Sistema Central, som består av Sierra de Gredos, Sierra de Béjar med høgder opp mot 2401 moh, og Sierra de Gata som skil Extremadura frå Castile.

Sentralt ligg Sierra de las Villuercas med høgaste punkt på 1603 moh i Pico de La Villuerca, Sierra de Montánchez og Sierra de San Pedro, som er ein del av Montes de Toledo.

I sør stig Sierra Morena som skil Extremadura frå Andalucia med Sierra de Tentudía som det høgaste fjellet på 1104 moh.

Elvar

Det er fire store nedslagsfelt i Extremadura.

  • Tajo, med to store sideelvar, Tiétar og Alagón, frå høgre og Almonte, Ibor, Salor og Sever frå venstre. Sideelvane frå høgre fører med seg store vassmengder frå Sistema Central der ein får ein del regn og om vinteren store mengder snø.
  • Guadiana, som har sideelvane Guadarranque og Ruecas frå høgre og Zújar frå venstre.
  • Guadalquivir sitt nedslagsfelt dekkjer berre 1411 km² av Extremadura (2,45% av totalen).
  • Duero dekkjer berre 35 km² av Extremadura (0,04% av nedslagsfeltet).

Klima

Extremadura har middelhavsklima bortsett frå i nrod som er meir kontinentalt og ivest der Atlanterhavet medfører mildare klima.

Generelt har regionen særs varme og tørre somrar med tørke og lange, milde vintrar på grunn av nærleiken til Atlanterhavet.

Temperaturar

Den årlege normaltemperaturen varierer mellom 16 og 17 °C. Nord i Extremadura, er middeltemperaturen lågare enn i sør. Om sommaren er middeltemperaturen i juli høgare enn 26 °C, stundom opp mot 40 °C.

Vintrane er milde med dei lågaste temperaturane i fjellområda. Middeltemperaturen om vinteren er 7,5 °C.

Folketal

Mest folkerike kommunar[2]
#KommuneFolketal
1Badajoz145 257
2Cáceres90 218
3Mérida53 915
4Plasencia39 785
5Don Benito34 051
6Almendralejo31 424
7Villanueva de la Serena24 932
8Navalmoral de la Mata17 099
9Zafra16 417
10Montijo15 648

I 2006 hadde Extremadura 1 086 373 innbyggjarar. Folketettleiken er låg, 25,81 menneske per kilometer, samanlikna med resten av Spania (84,42).

Den mest folkerike provinsen er Badajoz, med 673 474 innbyggjarar. Med eit areal på 21 766 km² er han den største provinsen i Spania.

Dei viktigaste bysentera er Badajoz (143 748 innbyggjarar), Cáceres (90 218), Mérida (53 915) og Plasencia (39 874).

Historie

Lusitania, ein gamal provins i Romarriket ligg omtrent der Portugal er i dag (bortsett frå området som i dag heiter Norte) og dei vestlege områda av det sentrale Spania, inkludert Extremadura. Mérida (regionsshovudstaden i Extremadura), vart hovudstaden i det romerske Lusitania og ein av dei viktigaste byane i Romarriket.

Mange av dei mest kjende conquistadorane frå Spania kom frå Extremadura, som Hernán Cortés, Francisco Pizarro, Pedro de Alvarado, Pedro de Valdivia, Inés Suárez, Francisco de Orellana, Pedro Gomez Duran y Chaves og Vasco Nunez de Balboa.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Extremadura