Ferie

Ferie er fleire fridagar etter kvarandre.[1] Ordet blir au bruka om ferieopphald eller feriereiser.

Mange ferierer ved ein badestrand.

Ein kan ha ferie frå arbeidsplass eller skule. Feriar kan hanamn etter tida dei fell på, som juleferie, sommarferie, påskeferie og vinterferie.

Ordbakgrunn

Ordet «ferie» kjem opphavleg frå det latinske fleirtalsordet feriae, som var religiøse festdagar da ein ikkje dreiv handel og forretningar.[1] Ordet viste seinare til ein periode da undervising og rettsmøte tok slutt. «Ferie» kom som eit framandord på norsk på slutten av 1800-talet.

Ferie kan bli omsett med holiday («heilagdag») på britisk-engelsk og vacation («ledigheit») på anglo-amerikansk.

Ferie i arbeidslivet

I Noreg

I Noreg er ferie for lønnsmottakarar regulert av ferieloven. Ferieloven sikrar alle arbeidstakarar 25 vyrkedagar ferie kvart år. Med vyrkedagar meiner ein au laurdagar. 25 feriedagar svarar derfor til fire veker pluss éin dags ferie kvart kalenderår. Tariffoppgjeret i 2000/2001 gav mange grupper ei femte ferieveke, men denne ekstra ferien er ikkje ein del av ferieloven, og det er eit lokalt spørsmål ved kvar enkelt arbeidsplass om dei tilsette har ei ekstra veke fri. For arbeidstakarar som har fylt 60 år er det imidlertid ei ekstra ferieveke kvart år, til saman minimum 31 dagar ferie.

Feriepengar skal bli rekna ut med 10,2 % av arbeidsvederlag som er utbetalt i året før ferien blir tatt, uansett varighet av arbeidstilhøvet. For arbeidstakarar over 60 år er utgjer feriepengane 12,5 % av lønna.

I utlandet

Oversynet under viser minimum lovfesta ferietid i forskjellige land og byggjer delvis på eit oversyn utarbeida av konsulentfirmaet Mercer i 2007.[2] Lønnsmottakarar i Finland har lengst ferie med 30 dagar betalt ferie og opp til 14 lønna høgtidsdagar i året. Au i Frankrike og Dei sameinte arabiske emirata er 30 dagar minimum. Minst ferie er det i fylgje Mercer på Filippinane, der arbeidstakarane har krav på berre fem dagars ferie i løpet av året.

LandMinimum feriedagar med lønnHøgtidsdagar med lønnTotaltKommentar
Argentina14-3514 kalenderdagar for arbeidstakarar med 0-5 års ansiennitet, 21 kalenderdagar frå 5-10 år, 28 kalenderdagar frå 10-20 år og 35 kalenderdagar frå 20 år.
Austerrike251338For eldre arbeidstakarar er det 42 dagar løna ferie i året.
Australia2011 (gjennomsnitt)31Frå 27. mars 2006 er det 20 dagar (fire veker) ferie derav to veker kan «bli seld» til arbeidsgivaren. I tillegg er også eldre arbeidtakarar Long service leave løna.
Bahamas14-2114 dagar etter eitt års tilsetting, 21 dagar etter fem års tilsetting
Belgia201030
Brasil3030 samanhengande dagar, derav ti kan «bli seld» tilbake til arbeidsgivaren
Bulgariamin. 20 arbeidsdagar
Canada1010 (gjennomsnitt)20ti arbeidsdagar, bestemt av lovar på provinsnivå
Chile15 vyrkedagar
Colombia14 dagar
Costa Rica14 dagarTo veker etter eitt års tilsetting
Danmark251035Seks veker, derav fem dagar som kan bli «selt» tilbake til arbeidsgivaren («omsorgsdagar»)
Dei sameinte arabiske emiratane30939
EU28Meir i enkelte land
Ecuador14 dagar
Filippinane51419
Finland301444
Frankrike3010405 veker[3] pluss 2 veker med RTT («Reduction du Temps de Travail», «reduksjon av arbeidstid») avhengig av arbeidsavtalen)
Hellas25123720 arbeidsdagar eller meir avhengig av år i firmaet
Hong KongSju dagar
Irland20 dagarPluss ni offentlege høgtidsdagar
Israel14 dagar
Italia20113120-30 dagar pluss elleve offentlege høgtidsdagar
Japan1818 dagar betalt fri (inkludert sjukefråvær). Offisielt fem veker (som ein reaksjon på karoshi-problemet, utbrenthet, i japansk arbeidsliv)
KinaIkkje påkravd
Kroatia18 vyrkedagar
Latvia28
Mexico7
Nederland20828Fire veker
Ny Zealand28Frå 1. april 2007
Noreg25113625 vyrkedagar (inkludert laurdagar)
Paraguay14 dagar
Peru14 dagar
Polen26103620 arbeidsdagar, 26 arbeidsdagar etter ti års tilsetting
Portugal22 arbeidsdagarOpptil 25 dagar viss det ikkje har vore fråvær året før
Puerto Rico15 dagar
Romaniamin. 20 vyrkedagar
Saudi-Arabia15 dagar
Singapore7
Sør-Afrika21 samanhengande dagar
Spania221436
Storbritannia2082820 kalenderdagar pluss 8 «bank holidays» (britiske og irske heilagdagar, opphavleg da bankane heldt stengt)
Sverige25113625-32 vyrkedagar avhengig av alder
Sveits28 kalenderdagar28 kalenderdagar = 20 vyrkedagar
Sør-KoreaTi vyrkedagar
TaiwanSju dagar
TsjekkiaFire veker
TyrkiaTolv vyrkedagar
Tyskland241034Fire veker, det vil seie 24 arbeidsdagar medrekna laurdag (sjølv om arbeidsveka er frå måndag t.o.m. fredag) pluss ni til 13 høgtidsdagar
Tunisia30 vyrkedagar
Ukraina24 kalenderdagar
Ungarn20 arbeidsdagar
Uruguay14 dagar
USA151025Det er ingen føderal lov som pålegg arbeidsgivarar å tilby korkje lønna eller ulønna ferie. Sju til tolv dagar er likevel vanleg for dei fleste arbeidstakarane, til dømes ti vyrkedagar med åtte national holidays. Tilsette i det amerikanske forsvaret opparbeider 2,5 dagar kvar månad, til saman 30 feriedagar i året, ikkje medrekna national holidays.[4]
Venezuela15 dagar15 dagar med lønn
Vietnam14822

Sjå au

  • Camping
  • Cruise
  • Fellesferie
  • Ferieloven - feriepengar - feriefondet
  • Feriekoloni
  • Folkeferie
  • Fritid
  • Heilagdag - høgtidsdag
  • Husmorferie
  • Skoleferie
  • Sommarferie
  • Turisme

Referansar

Bakgrunnsstoff