Figaros bryllup

Le nozze di Figaro, ossia la folle giornata (Figaros bryllaup eller galskapsdagen), K. 492, er ein opera buffa (komisk opera) i fire akter av Wolfgang Amadeus Mozart. Han vart komponert i 1786 med ein italiensk libretto av Lorenzo Da Ponte, basert på ein teaterkomedie av Pierre Beaumarchais frå 1784.

Figaros bryllup
K. 492
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOpera
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1786
Typisk lengd150:03
Satsar/akter29 (4 akter)
Overturen til Figaros bryllup i eit opptak av RIAS-Symphonie-Orchester frå 1961.
«Voi che sapete» frå akt 2.
«Amanti costanti, seguaci d'onor» frå akt 3.

Sjølv om skodespelet til Beaumarchais først vart bannlyst i Wien sidan det var ein satire om aristokratiet og vart rekna som farleg i tiåret før den franske revolusjonen, vart operaen eit av dei mest suksessfulle verka til Mozart. Overturen er særleg kjend og vert ofte spelt som eit konsertstykke. Musikken i overturen vert ikkje nytta seinare i verket, bortsett frå korte frasar i greven sin del av terzettoen Cosa sento! i Akt 1.[1]

Komposisjon

Operaen var den første av tre samarbeid mellom Mozart og Da Ponte. Dei to andre operaene dei skreiv i lag var Don Giovanni og Così fan tutte. Det var Mozart som opphavleg valde skodespelet til Beaumarchais og tok det med til Da Ponte, som brukte seks veker på å skrive librettoen, og skreiv det om i poetisk italiensk og fjerna alle politiske referansar i originalen. Særleg erstatta Da Ponte Figaro sin klimatiske tale mot arveadelen med ein sint arie mot utrue koner. I motsetnad til kva populære myter seier, vart librettoen godkjend av keisar Josef II, før noko musikk vart skriven av Mozart.[2]

Det keisarlege italienske operaselskapet betalte Mozart 450 florinar for verket;[3] som var tre gonger den (låge) løna hans for eit år, då han arbeidde som hoffmusikar i Salzburg (Solomon 1995). Da Ponte vart betalt 200 florinar.[3]

Framføring

Figaro hadde premiere i Burgtheater i Wien den 1. mai 1786. Mozart sjølv var dirigent på dei to første framsyningane, som han dirigerte frå klaverstolen, som var vanleg på den tida. Seinare framsyningar vart dirigert av Joseph Weigl.[4] Det vart gjort åtte framsyningar i 1786.[5]

Etter den første framsyninga førte applaus frå publikum til fem ekstranummer. Joseph Haydn likte operaen særs godt og skreiv til ein ven at han hadde høyrt operaen i draumane sine.[6]

Operaen vart sett opp i Praha frå desember 1786 og vart ein enorm suksess. Avisa Prager Oberpostamtszeitung kalla verket «eit meisterverk»,[7] og skreiv at «ikkje noko stykke har nokon gong skapt slik ein sensasjon».[8] Lokale musikkinteresserte betalte for at Mozart skulle kome til Praha og høyre produksjonen, noko han gjorde 17. januar 1787, og 22. januar dirigerte han framsyninga sjølv.[9] Den store suksessen i Praha gjorde at den neste Mozart/Da Ponte-operaen, Don Giovanni, fekk premiere i Praha i 1787.

Verket vart igjen sett opp i Wien i 1789 og Mozart hadde då erstatta begge ariane til Susanna med nye komposisjonar, som betre høvde til stemma til Adriana Ferrarese del Bene som tok rolla.

Operaen i dag

Figaros bryllup vert i dag rekna som ein av grunnsteinane i standardrepertoaret i operaen, og er lista som nummer fem på lista til Operabase over dei mest framførte operaene verda over.[10]

Roller

RolleStemmePremierebesetning, 1. mai 1786
(Dirigent: W.A. Mozart)
Grev AlmavivabassStefano Mandini
Grevinne Rosina AlmavivasopranLuisa Laschi
Susanna, hushjelpa til grevinnasopranAnn Storace
Figaro, personleg kammertenar til grevenbassFrancesco Benucci
Cherubino, tenaren til grevensopranDorotea Bussani
MarcellinasopranMarie Mandini
Bartolo, doktoren frå Sevilla, som òg var advokatbassFrancesco Bussani
Basilio, musikkmeistertenorMichael Kelly
Don Curzio, dommartenorMichael Kelly
Barbarina, dotter til AntoniosopranAnna Gottlieb
Antonio, gartnaren til greven, onkelen til SusannabassFrancesco Bussani
Kor av bønder, landsbybuarar og tenarar

Instrumentering

Libretto 1786

Figaros bryllup er instrumentert for to fløyter, to oboar, to klarinettar, to fagottar, to valthorn, to trompetar, pauke og strykarar; Resitativa er med tangentinstrument, vanlegvis fortepiano eller cembalo, og ofte med ein cello.

Ei typisk framføring varer kring 3 timar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Figaros bryllup