Gustav I av Sverige

(Omdirigert frå Gustav Vasa)

Gustav Vasa, eigentleg Gustav Eriksson (12. mai 149629. september 1560), var konge av Sverige frå 1523 fram til han døydde.

Gustav Vasa

Konge av Sverige
Periode6. juni 1523-29. september 1560
Fødd12. mai 1496Rydboholm gard ein mil nord for Stockholm i Uppland
FødestadRydboholm Castle, Lindholmens
Død29. september 1560 på Stockholms slott
DødsstadStockholm, Tre Kronor slott
MorCecilia Månsdotter
FarErik Johansson Vasa
Ektefelle 
  1. Katarina av Sachsen-Lauenburg
  2. Margareta Eriksdotter (Leijonhufvud)
  3. Katarina Stenbock
Barn 
  • Erik XIV av Sverige
  • Johan III av Sverige
  • Magnus Vasa
  • Karl Gustavsson
  • Katarina Gustavsdotter Vasa
  • Cecilia Vasa
  • Anna Maria Vasa
  • Sofia Vasa
  • Elisabet Vasa
  • MottoOmnis potestas a Deo est
    FøregangarKristian II
    EtterfølgjarErik XIV

    I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, konge av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av dei svenske adelege var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I eit forsøk på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav sine foreldre, massakrert i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Der prøvde han å overbevise folk i Mora til å gjera opprør mot kongen, men lukkast ikkje. På ski drog han då vidare mot Noreg, fram til han vart teke att av to skiløparar i Sälen. Mennene i Mora hadde endra meining og ønskte at Gustav skulle leie opprøret. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa vald til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Den 12. januar 1528 vart han krona i Uppsala domkyrkje.

    Sjå òg

    Kjelder

    Bakgrunnsstoff

    Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gustav I av Sverige
    Denne historieartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.