Kalmarunionen

Kalmarunionen er ei nemning på personalunionen mellom Danmark, Sverige og Noreg mellom 1397 og 1523. Kongeriket Sverige styrte over delar av det seinare Finland. Kongeriket Noreg styrte over Færøyane, Island og Grønland. Dei tre kongerika hadde ein sams monark, men hadde eigne riksråd. Sverige var misnøgd med unionen, og Danmark si sterke makt. Den 6. juni 1523 vart Gustav Vasa vald til konge av Sverige, og Kalmarunionen braut saman.Unionen mellom Danmark og Noreg heldt fram, som Danmark-Noreg.

Kalmarunionen
Personalunion

 

 

1397–1523
 

FlaggVåpen
FlaggVåpen
Plasseringa til Kalmarunionen
Plasseringa til Kalmarunionen
Kalmarunionen på byrjinga av 1500-talet, med dagens grenser over.
HovudstadKøbenhavn
ReligionRomersk-katolsk
StyreformFøydale monarki i personalunion
Regent
 - 1387–1412 (Danmark)
   1388–1389 (Noreg)
   1389–1412 (Sverige)
Margrete Valdemarsdotter
 - 1389–1442 (Noreg)
   1396–1439 (Sverige)
   1396–1439 (Danmark)
Erik av Pommerna
 - 1481–1513 (Danmark)
   1483–1513 (Noreg)
   1497–1501 (Sverige)
Hans av Danmark, Noreg og Sverige
 - 1513–23 (Den. & Nor.b)
   1520–21 (Sverige)
Kristian II
 - 1524–33Fredrik I
Lovgjevande forsamlingRiksråd og Herredag (ein i kvart kongedøme)
Historisk periodeMellomalderen
 - Margaret I anerkjend som regent av Danmark1387
 - Oppretta17. juni 1397
 - Engelbrektopprøret1434–36
 - StockholmblodbadetNovember 1520
 - Gustav Vasa vald til konge av Sverige6. juni 1523
 - Dansk Rigsråd annekterer Noreg1523
 - Kielfreden14. januar 1814
I dag ein del av Danmark
 Færøyane
 Tyskland
 Grønland
 Island
 Noreg
 Sverige
 Storbritannia
 Finland
 Russland (delvis)
 Åland
a: Erik VII av Danmark, Eirik III av Noreg, Eric XIII av Sverige
b: Kristian II av regent av Noreg frå 1506

Byrjinga

Kong Albrekt av Mecklenburg var innblanda i ei arvsstrid om arvet etter Bo Jonsson. Albrekts motstandar, delar av den svenske høgadelen, søkte i denne konflikten hjelp av Margrete Valdemarsdatter, Danmark og Noregs regent. Saman styrta dei svenske rebellane og danskane kong Albrekt i 1389. Som eit resultat av dette skapa dronning Margrete ein union av Danmark, Sverige og Noreg i Kalmar. Den 17. juni i 1397 krona dronning Margrete nevøen Erik av Pommern til konge over alle dei tre nordiske landa.

Dronning Margrete og seinare Erik heldt derimot ikkje løfta sine til høgadelen særskilt godt. Dessutan måtte bøndene betala ekstra skatt, og krig mot importland minska den svenske eksporten. I 1434 resulterte dette i Engelbrektsopprøret.

Konfliktar

Det var utbreidd misnøye i Sverige med unionen, og det av fleire grunnar. Ein grunn var sentraliseringa av makta til Danmark, ei anna var Danmark sin stadige krig med Schleswig, Holstein, Mecklenburg og Pommern, eit stadig irritasjonsmoment for den svenske jerneksporten til kontinenta. Vidare bidrog dei danske futane til misnøye gjennom den tøffe skattlegginga av dei allereie hardt råka svenske bøndene. Dessutan fanst det framleis tvistar der avtalar hadde blitt inngått men ikkje gjennomførte. Engelbrekt Engelbrektsson leidde ei tid ein del av folket i opprør mot danskane sitt velde i Sverige. Det svenske aristokratiet sitt krav på suverenitet voks seg sterkare i dei fleste ledda inntil Kristian II, den dåverande kongen i unionen, gjorde ein utrensking i Sverige under Stockholms blodbad i 1520.

Oppløysinga

Stockholms blodbad gjorde at svenskane enda ein gong prøvde å driva ut danskane, og dei lukkast med dette i 1521. 6. juni 1523 blei Gustav Vasa vald til konge over Sverige, som då blei eit suverent monarki igjen. Danmark beheldt kontrollen over Noreg heilt fram til 14. januar 1814, då Noreg blei gitt til Sverige i utbytte mot Pommern.

Sjå òg