Holon

Holon (hebraisk skrift חוֹלוֹן) er ein by på den sentrale kyststripa sør for Tel Aviv i Israel. Holon høyrer til storbyområdet Gush Dan. I 2011 hadde han 182 575 innbyggjarar.[1] Holon omfattar eit av dei viktigaste industriområda i Israel, kjend som Business and Industrial Zone Holon.[2] Sidan 1990-talet har dei lokale styresmaktene også lagt vekt på å utvikla byen kulturelt.[3]

Holon
חוֹלוֹן, حولون
by
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: (Vesle) sand
Land Israel
DistriktTel Aviv distrikt
Koordinatar32°01′N 34°46′E / 32.017°N 34.767°E / 32.017; 34.767
Areal18,927 km²
Folketal 182 575  (2013)[1]
Folketettleik9 646 / km²
Grunnlagd1936
 - Bystatus1950
BorgarmeisterMoti Sasson (Labor)
Kart
Holon
32°01′00″N 34°46′00″E / 32.016666666667°N 34.766666666667°E / 32.016666666667; 34.766666666667
Wikimedia Commons: Holon
Nettstad: holon.muni.il

Namn

Namnet på byen kjem frå det hebraiske ordet holon, som tyder 'lite sand'. Namnet Holon finst òg i Bibelen: «Holon og Debir med beitemarker» (Josvas bok, 21:15).[4]

Historie

Holon, 1945

Holon vart grunnlagd på sanddyner seks kilometer frå Tel Aviv i 1935.[5] Łódzia tekstilfabrikk vart grunnlagd der av jødiske immigrantar frå Łódź i Polen, i lag med mange andre industriføretak.[5] Tidleg i den arabisk-israelske krigen i 1948 låg Holon ved frontlinja, og det var stadige skotutvekslingar ved grensa til landsbyen Tel A-Rish i nordvest - ein forstad til den arabiske Jaffa. Det var òg samanstøytar i retninga av byen Yazur i aust. Eit åtak på den Holon-baserte Haganah-militsen i Tel A-Rish vart driven attende med store tap. Etter at Israel vart oppretta, vart Holon utvida og tok til seg Tel A-Rish og appelsinlundane i Yazur.

I februar 2001 vart åtte israelarar drepne og 25 skadde i eit palestinsk åtak på ein busstopp i Holon.[6]

Biletet av Holon som ein soveby for arbeidarklassen har endra seg gjennom åra. Byen har no vorte ein barnevennleg by med familieattraksjonar som Yamit vasspark, Det israelske barnemuseet og Israelsk museum for karikaturar og teikneseriar.[7]

Idrett

  • Hapoel Holon (basketball) – i øvste divisjon, nasjonal meister i 2008 og cupmeister i 2009.
  • Hapoel Tzafririm Holon F.C. (fotball) – Liga Alef [3. nivå]
  • Maccabi Kiryat-Sharett Holon (handball) – Liga Leumit [1. nivå]
  • Hapoel Holon chess (sjakk) – Liga Leumit [1. nivå]

Venskapsbyar

Holon er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff