Johannes Vermeer

Jan Vermeer (nederlandsk: Johannes Vermeer, i samtida også kalla Joannis ver Meer, Joannis van der Meer) døypt/gravlagd (31. oktober 163215. desember 1675)[1] var ein nederlandsk kunstmålar som no er ein av dei best kjende kunstnarane frå den nordeuropeiske barokken.

Jan Vermeer

Utsnitt av De koppelaarster, mogleg sjølvportrett
StatsborgarskapDei sameinte Nederlanda
Føddoktober 1632
Delft, Dei sameinte Nederlanda
Død

gravlagd 15. desember 1675 (Ca. 43 år)
Delft i Dei sameinte Nederlanda

UtdanningMogleg elev av Carel Fabritius
Yrkekunstmålar, kunstsamlar
Kjende verkJente med perleøyredobb
Målaren i sitt atelier også kalla Allegori over målarkunsten
PåverkaVilhelm Hammershøi
Salvador Dalí
PeriodeBarokken, den nederlandske gullalderen
Sjangersjangermåleri, portrett
Religionkalvinisme, katolisisme
FarReijnier Janszoon Vermeer
MorDigna Baltus
EktefelleCatharina Bolenes
Signatur
Johannes Vermeer på Commons
Namnetrekket til Johannes Vermeer

I levetida si var han kjent i Delft og Haag, men han blei fort gløymt etter at han var død; han var knapt nemnt i den store kjeldeboka om hollandsk måleri frå 1600-talet skriven av Arnold Houbraken. I nær to hundre år blei han ikkje nemnt i oversikter over nederlandsk kunst.

Vermeer spesialiserte seg på interiørscener frå middelklassen og var ein moderat framgangsrik, provinsiell sjangermålar i levetida si. Det kan sjå ut til at han aldri var særleg velståande, kanskje fordi han produserte relativt få måleri og han hadde gjeld som gjekk i arv til ektefelle og born då han døydde.

Berre 35 måleri kan med sikkerheit tilskrivast Vermeer og det mest kjende er nok Jente med perleøyredobb. Måleria er stilt ut på mellom anna Rijksmuseum, Mauritshuis, Kunsthistorisches Museum, National Gallery of Scotland, Metropolitan Museum of Art og Gemäldegalerie Alte Meister.

Utvalde illustrasjonar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Johannes Vermeer