Kana

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kana (fleirtyding).

Kana (仮名) er skriftsystem i japansk skrift som har teikn som representerer individuelle stavingar. Dei står i kontrast til det kinesiske logografiske systemet som også blir brukt til å skriva japansk, kanji.[1]

Utviklinga av hiragana og katakana (til venstre i kvar boks)

Det finst tre japanske kana-system: moderne hiragana, moderne katakana,[1] og det eldre systemet kalla man'yōgana som desse systema byggjer på.[2] Det finst også ulike variantar av dei moderne systema. Hiragana og katakana fungerer som to identiske stavingsskrifter, berre med forskjellige teikn. Det vil seia at systema har like mange teikn og representerer dei same lydane, men har ulik utsjånad i dei forskjellige systema og blir brukt i ulike samanhengar.[1]

Dei to moderne systema, hiragana og katakana, blir brukt saman med kanji til å skriva japansk.[1] Sidan japansk ikkje har så mange fonem, i tillegg til ein ganske streng stavingsstruktur, er kana-skriftsystema ein ganske nøyaktig representasjon av talt japansk.[3][4]

Kjelder