Kansas

Kansas er ein delstat i USA. Hovudstaden er Topeka. Delstaten ligg i Midtvesten og grensar til Missouri i aust, Oklahoma i sør, Colorado i vest og Nebraska i nord. Han har tilnamnet «Sunflower State».

Kansas
delstat
Flagg
Våpen
Land USA
Del avMidtvesten, det kontinentale USA
HovudstadTopeka
Areal213 096 km²
 - land211 900 km²
 - vatn1 196 km²
Folketal 2 913 123  (2017)
Folketettleik14 / km²
Før innlemmingTerritoriet Kansas
Innlemma i USA29. januar 1861
Statsnummer34.
ForkortingKS
Kart
Kansas
38°30′N 98°00′W / 38.5°N 98°W / 38.5; -98
Wikimedia Commons: Kansas
Nettstad: portal.kansas.gov

Staten er delt inn i 105 fylke og har 628 byar. Topeka med 121 946 innbyggjarar er den fjerde største byen i Kansas.

Namn

Namnet kjem frå Kansaselva som renn gjennom staten, og stammar frå siouxordet Kansa, som betyr «folk av sønnavinden».

Mynt frå Kansas

Økonomi

Kansas har det tredje største jordbruksarealet i USA, og produserer en sjettedel av all kveite dyrka i landet. Staten er den nest største kvegprodusenten i USA, etter Texas. Dei største jordbruksrelaterte inntektene kjem frå kveg, sauehald, kveite, durra, soyabønner, bomull, svin og mais. Gardsbruka er høvesvis små etter Midtvesten-standard, så landbrukssubsidiane var i 2006 dei femte høgaste i USA, 623 millionar amerikanske dollar.

Det kjem industriinntekter frå transportutstyr, kommersiell og privat flyverksemd, kjemikaliar, maskiner, klede, olje og gruvedrift. Kansas er den åttande største oljeprodusenten i landet. Staten er også rangert som den åttande største naturgassprodusenten i USA.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kansas
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.