Kløyv

Kløyv (engelsk cleavage) i mineralogien er tendensen til eit krystallinsk mineral til å kløyvast eller splittast langs bestemte krystallografiske strukturelle plan. Desse relativt svake plana skuldast at atom og ion i krystallen dannar glatte, parallelle flater som er synlege både i eit mikroskop og for det nakne auget.[1]

Flogopitt-glimmer med kløyv (spalteflate)
Grøn fluoritt med utprega kløyv.

Nokre mineral er meir spaltbare enn andre, for eksempel glimmer, som har eit veldig tydeleg fint kløyv på tvers av krystallen.Kløyv må ikkje forvekslast med brot, som viser til eit mineral si evne til å dele seg i andre retningar enn kløyvretningane.

Typar kløyv

Kløyv vert danna parallelt med dei krystallografiske plana:[1]

Biotitt med basalt kløyv.
  • Basal eller pinacoidal kløyv finn ein parallelt til basen av ein krystall. Denne orienteringa er gitt av {001}-planet i krystallgitteret (sjå Miller-indeksar) og er den same som {0001}-planet i Bravais-Miller-indeksar som ofte er nytta for rhombohedriske og heksagonale krystallar. Basal kløyv er finn ein i glmmer-gruppa og i grafitt.
  • Kubisk kløyv finn stad langs {001}-plana, parallelt med overflata på ein terning for ein krystall med kubisk symmetri. Dette er årsaka den kubiske forma ein ser i krystallar av male bordsalt, mineralet halitt. Mineralet blyglans (galenitt) syner ofte òg perfekt kubisk kløyv.
  • Oktahedrisk kløyv skjer langs {111}-krystallplana og dannar oktahedriske former i ein krystall med kubisk symmetri. Diamant og fluoritt syner perfekt oktahedrisk kløyv. Oktahedrisk kløyv ser ein i vanlege halvleiarar. I krystallar med låg symmetri er det færre {111}-plan.
  • Dodekahedrisk kløyv finn ein langs {110}-krystallplana og dannar dodekahedriske i ein krystall med kubisk symmetri. I krystallar med låg symmetri er det færre {110}-plan.
  • Rombohedrisk kløyv skjer parallelt til {1011}-flatene til eit rombohedron. Kalkspat (kalsitt) og andre karbonatmineralar syner perfekt rhombohedrisk kløyv.
  • Prismatisk kløyv er ei kløyving parallelt til eit vertikalt prisme {110}. Cerussitt, tremolitt og spodumene syner prismatisk kløyv.

Krystalloppdeling

Krystalloppdeling (parting) skjer når mineral bryt langs svake strukturelle plan på grunn av ytre stress eller langs doble samansettande plan. Oppdelingsbrot ser like ut som kløyv, men dei skjer berre på grunn av ytre stress. Eksempel omfatter magnetitt som syner oktahedrisk oppdeling, den rombohedriske oppdelinga i korund og basal oppdeling i pyroksenar.[1]

Kvaliteten på kløyven

For å identifisere eit mineral er det viktig å kunne beskrive kvaliteten på kløyven:[2]

  • Kor lett det er å kløyve eit mineral avheng av kompaktiteten til mineralet. Kløyven blir kalla lett, vanskeleg eller særs vanskeleg (engelsk easy, hard og difficult).
  • Kvaliteten på overflata på kløyven avheng av den krystallinske strukturen til mineralet. Ein skil mellom ulike kvalitetsgrader, til dømes:

Bruk

Kløyv er ein fysisk eigenskap som tradisjonelt har vore nytta til identifisering av stein og mikroskopiske undersøkingar av stein og mineralstudiar. Som eit døme er vinklane mellom prismeaktig kløyvplan for pyroksen (88-92°) og hornblende (amfibol) (56-124°) er diagnostiske.[1]

Krystallkløyv er teknisk viktig i elektronikkindustrien og ved kutting av edelsteinar.

Edle steinar er generelt kløyv med eit lite slag som i diamantkutting.

Syntetiske einkrystallar av halvleiarmaterialar er vanlegvis seld som tynne skiver som er mykje lettare å kløyve. Å presse ei silisiumskive mot ei mjuk overflate og å ripe skivekanten med ein rissestift av diamant er vanlegvis nok til å kløyve skiva som er målet. For å ha betre kontroll med splittinga nyttar ein heller rivning og bryting når ein deler skiva opp i brikker.

Halvleiarar av berre eit grunnstoff (Si, germanium og diamant) er diamant-kubisk, ei romgruppe som gir opphav til oktahedrisk kløyv. Dette tyder at for nokre orienteringar av skivekrystallen kan ein få nesten perfekte rektanglar etter kløyving. Dei fleste andre kommersielle halvleiarar (GaAs, InSb, osv.) kan bli kløyvd ved hjelp av den tilsvarande sinkblendestruktur, etter liknande kløyveplan.

Galeri

Sjå òg

Referansar

Bakgrunnsstoff