Kollagen

Kollagen er eit fiberprotein. Det inneheld mellom anna dei mindre vanlege aminosyrene hydroksyprolin og hydroksylysin, og kring kvar tredje aminosyre er glysin. Denne samansetjinga av aminosyrer gjer det mogeleg for tre og tre peptidkjeder å gå saman til tropokollagen.

Strukturen til kollagen: tre kjeder filtra saman

Kollagen finst i hud, bindevev og den organiske delen av bein og tenner. Det er det proteinet det finst mest av i menneske og dyr: kring ein tredjdel av proteinvekta er kollagen.

Kjelder

«kollagen» i Store norske leksikon, snl.no.

Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.