Kulehop

Kulehopar er kuleforma samlingar av stjerner. Dei kan innehalda millionvis av stjerner og òg ofte nokre av dei eldste stjernene i universet. Det var før trudd at alle stjernene i ein kulehop var av same alder, men seinare studier har vist at i alle fall kulehopen NGC 2808 har tre generasjonar av stjerner, og at òg kulehopen Omega Centauri har fleire generasjonar stjerner.[2] Desse kan likevel vera rester etter dverggalaksar som har blitt slukt av Mjølkevegen.[2]

Kulehopen Omega Centauri inneheld rundt ti millionar stjerner og har ein alder på rundt 12 milliardar år. Det er spekulert i om hopen inneheld eit middelstort svart hòl, og at han er restane etter ein dverggalakse.[1]

I Mjølkevegen finst det over 200 kulehopar.[1]

Sjå òg

Kjelder