Luftpumpa

Luftpumpa (frå latin Antlia) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.Stjernebiletet vart skapt på 1700-talet og består av lyssvake stjerner. Luftpumpa grensar til Vasslangen, Kompasset, Seglet og Kentauren. Stjernebiletet er tydeleg på den sørlege himmelhalvkula seint på vinteren og våren. NGC 2997 er ein spiralgalakse som ligg i stjernebiletet i lag med Luftpumpa dverggalske.

Luftpumpa
Luftpumpa
Luftpumpa
Latinsk namnAntlia
ForkortingAnt
GenitivsformAntliae
Symbologinamngitt av la Caille
Rektasensjon10 h
Deklinasjon−30°
Areal239 kvadratgrader
nr. 62 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerneα Ant (4,25. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +45° og −90°

Kjende objekt

Stjernebiletet Luftpumpa slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Lacaille gav ni stjerner Bayernemning, frå Alfa til Theta, inkludert to stjerner like ved kvarandre som Zeta. Gould la seinare til ei tiande, Iota Antliae. Beta og Gamma Antliae (no HR 4339 og HD 90156) enda opp i nabobiletet Vasslangen då grensene til stjernebiletet vart fastsett i 1930.[1]

Den mestlyssterke stjerna i stjernebiletet,[2] Alfa Antliae er ei oransje kjempe med spektralklasse K4III som ein trur kan vere variable, med ein tilsynelatande storleik frå 4,22 til 4,29.[3] Ho ligg 370 lysår frå jorda.[4] Ein har estimert at ho skin kring 480 til 555 gonger så sterkt som sola, og er truleg ei aldrande stjerne som er i ferd med å bli ein Mira-variabel, som har omgjort all brenselet i kjernen til karbon.[5] Nær Alfa ligg Delta Antliae, ei dobbeltstjerne som er kring 430 lysår unna. Primærstjerna er ei blåkvit hovudseriestjerne med spektralklasse B9.5V og storleiksklasse 5,6 og den sekundære er ei gulkvit hovudseriestjerne med spektralklasse F9Ve og storleiksklasse 9,6.[6]

Zeta Antliae er ei vid dobbeltstjerne 410 lysår unna. Primærstjerna (Zeta1 Antliae) har storleiksklasse 5,8, og er i seg sjølv ei dobbeltstjerne med ein primær med storleiksklasse 6,2 og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 7,0. Sekundærstjerna (Zeta2 Antliae) har storleiksklasse 5,9.[4] Eta Antliae er ei anna dobbeltstjerne som består av ei hovudseriestjerne klasse F med spektralklasse og storleiksklasse 5,22, med ei følgjestjerne med storleiksklasse 11,3. Theta Antliae som er ei dobbelstjerne, som består av ei hovudseriestjerne klasse A og ei gul kjempe.

Epsilon Antliae er ei utvikla oransje kjempestjerne med spektralklasse K3 IIIa, med ein diameter som er kring 69 gonger så stor som sola.[7] Ho er noko variabel.[8] I andre enden av Luftpumpa ligg Iota Antliae som er ei oransje kjempe med spektralklasse K1 III.[9]

T Antliae er ei gulkvit superkjempe med spektralklasse F6Iab og ein kefeide som avrierer i storleiksklasse 8,88 til 9,82.[10] U Antliae er ei raud karbonstjerne klasse C og ein irregulær variabel som varierer i storleik mellom 5,27 og 6,04.[11]

HR 4049, òg kalla AG Antliae, er ei uvanleg varm variabel stjerne med spektralklasse B9.5Ib-II. UX Antliae er ein R Coronae Borealis-variabel med ein tilsynelatande storleiksklasse på kring 11,85, og med irregulære svekkingar i lysstyrken til under storleiksklasse 18,0.[12] Ho er ei lyssterk og fjerntliggande stjerne, ei superkjempe med eit spektrum som liknar ei gulkvit klasse F-stjerne men som er nesten utan hydrogen.[13]

DEN 1048-3956 er ein brun dverg som ligg kring 13 lysår frå jorda. Med storleiksklasse 17 er ho altfor lyssvak til at ein kan sjå ho med det nakne auga.

Djupromsobjekt

Eit komposittbilete av NGC 2997.

Fordi stjernebiletet ligg i ei retning bort frå Mjølkevegen har Luftpumpa særs få djupromsobjekts. Det har ingen kulehopar, ingen planetariske tåker og ingen opne hopar, men har eit par galaksar.

NGC 2997 er ein spiralgalakse av typen Sc.[4] Han er den mest lyssterke galaksen i Luftpumpa med ein integrert storleiksklasse på 10,6.[2]

Luftpumpa dverggalakse høyrer til Den lokale gruppa av galaksar. Han vart oppdaga så seint som i 1997.[14]

Luftpumpa-gruppa er ein galaksehop som ligg i Vasslangen-Kentauren supergruppe. Han er den tredje næraste til vår lokale gruppe etter Virgo-hopen og Smelteomnen-hopen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Luftpumpa