Maurpiggsvin

pattedyrfamilie
Maurpiggsvin
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje:Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse:Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse:Tetrapodar Tetrapoda
Klasse:Pattedyr Mammalia
Underklasse:Prototheria
Orden:Kloakkdyr Monotremata
Familie:Maurpiggsvin Tachyglossidae
Gill, 1873

Maurpiggsvin (Tachyglossidae) er ein liten biologisk familie av eggleggande pattedyr. Saman med nebbdyra dannar dei ordenen kloakkdyr (Monotremata). Maurpiggsvin lever i Australia og på Ny-Guinea.

Klassifisering

Maurpinnsvin omfattar to slekter med to, tre eller fire nolevande arter, avhengig av korleis ein klassifiserer dei. Fleire utdøydde artar høyrde også til familien.

Maurpiggsvin utvikla seg for mellom 20 og 50 millionar år sdian frå eit nebbdyraktig dyr.[1] Denne stamarten levde i vatn, men maurpiggsvin tilpassa seg eit liv på land.[1]Mange maurpiggsvin lever på maur og termittar, men dei er ikkje nært i slekt med maurslukarar frå Amerika, som er gomlarar i slekt med dovendyr og beltedyr.

Namn

Det vitskaplege namnet «Echidna» kjem frå Ekhidna, eit vesen i gresk mytologi som var halvt kvinne og halvt slange, ettersom dyra blir oppfatta som å ha eigenskapar både til pattedyr og reptilar.[2]

Skildring

Maurpinnsvin har ein lang tynn snute og keratiniserte piggliknande hår på ryggen, som fungerer som eit ytre forsvarsverk når dyra ruller seg sammen, nett som piggsvin. Dei dannar ein slags lomme på undersida si som dei klekkar ut egga sine i.

Artar

  • Zaglossus attenboroughi (EDGE-art #1)
  • Zaglossus bruijni
  • Zaglossus bartoni
  • Tachyglossus aculeatus

Kjelder

Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.