Mountain Standard Time

Mountain Standard Time er ei tidssone i Nord-Amerika som er minus sju timar frå universaltida (eller minus åtte timar norsk tid). Tida i denne sona er basert på ei middelsoltid ved 105. vestlege lengdegrad.

██ MST eller UTC−07

I USA og Canada vert tidssona vanlegvis kalla Mountain Time (MT). Namnet syner til at Rocky Mountains, som er ei fjellkjede frå nordvestlege Canada til den amerikanske staten New Mexico, ligg heilt innafor tidssona. I Mexico vert tidssona kalla Stillehavssona.

I USA og Canada er Mountain Time ein time føre Pacific Standard Time og ein time bak Central Time Zone.

Den største byen med Mountain Standard Time er Ciudad Juárez i Chihuahua. Phoenix storbyområde er det største storbyområdet i sonen.

Canada

Dei følgjande provinsane og områda har Mountain Standard Time:

Mexico

Dei følgjande statane ligg har Mountain Standard Time:

USA

Dei følgjande statane eller områda har Mountain Standard Time:

  • Arizona – har ikkje sommartid.
  • Colorado
  • Idaho – sørlege halvdelen, sør for Salmon River
  • Kansas – berre fylka Sherman, Wallace, Greeley og Hamilton, all ved grensa til Colorado. Dei tre andre fylka som grenser til Colorado, Cheyenne, Morton og Stanton, har Central standardtid, i lag med resten av Kansas.
  • Montana
  • Nebraska – den vestlege tredjedelen
  • Nevada – West Wendover, ved grensa til Utah, er den einaste staden i staden som offisielt nyttar Mountain Time.[1] Byane Jackpot, Jarbidge, Mountain City og Owyhee, som offisielt har Pacific Standard Time, nyttar lokalt Mountain Time sidan dei ligg nærmare og har sterkare band til byane i Idaho..[2]
  • New Mexico
  • Nord-Dakota – sørvesthjørnet, sørvest for Missourielva
  • Oregon – det meste av Malheur County, ved grensa til Idaho
  • Sør-Dakota – den vestlege halvdelen
  • Texas – dei to vestlegaste fylka (Hudspeth, El Paso)
  • Utah
  • Wyoming

Kjelder