Niue

Niue

(norsk: Niue, niuisk)

Det niuiske flaggetDet niuiske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Ko e Iki he Lagi»
Geografisk plassering av Niue
Offisielle språkNiuisk og engelsk
HovudstadAlofi
Styresett
Konge
Høgkommisær
Statsminister
Monarki
Charles III
Cindy Kiro
Dalton Tagelagi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
260 km² (191.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 626 (198.)
6,3 /km² (187.)
Sjølvstende
erklært
19. oktober 1974
BNP
 – Totalt (2003)
 – Per innbyggjar
 
10 mill. USD (196.)
6 300 USD (132.)
ValutaNewzealandsk dollar
TidssoneUTC -11
Telefonkode+683
Toppnivådomene.nu


Niue er ei autonom øy i sørvestre Stillehavet, i fri assosiasjon med New Zealand. Hovudstaden er Alofi.

Kart over Niue

Niue ligg 2400 km nordaust for Auckland og 3900 km nordaust for Sydney i eit triangel mellom Tonga, Samoa og Cookøyane.

Historie

Niue blei folkesett av polynesarar frå Samoa rundt år 900. Nye innvandrarar eller erobrarar kom frå Tonga på 1500-talet. Det niuiske språket er eit polynesisk språk som er nærast i slekt med tongansk.

Dei første europearane som kom til øya var James Cook sin ekspedisjon i 1744.Cook kalla øya «Savage Island», 'Villmannsøya', ettersom innbyggjarane hadde tenner farga raude. Raudfargen stamma ikkje frå blod, som Cook trudde, men ei lokal raud banan.Etter nokre hundreår blei det lokale namnet Niu ē, som tyder 'sjå kokosnøtta', teke i bruk internasjonalt.

Frimerke frå Niue frå 1920.

Øya blei vitja av misjonærar frå London Missionary Society i 1846.I 1887 tilbaud kong Fata-a-iki øya til Det britiske imperiet i frykt for andre kolonimakter. Øya blei britisk protektorat i 1900, men annektert av New Zealand i 1901. Øya fekk valet i 1974 om ho ville bli sjølvstendig, sjølvstyrande eller framleis vera styrt av New Zealand, og valde sjølvstyre i ei folkeavstemming. Øya er i dag styrt av Niue-forsamling, Niue Fono Ekepule.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Niue
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.