Påskeøya

27°07′S 109°21′W / 27.117°S 109.350°W / -27.117; -109.350

Påskeøya
Lokalt namn Isla de Pascua
Rapa Nui
Geografi
StadStillehavet. 3 515 km vest for fastlands-Chile og 2 075 km aust for næraste folkesette land, Pitcairn
Koordinatar27°09′S 109°25′W / 27.150°S 109.417°W / -27.150; -109.417

Tal på øyar2

Areal163,6 km² km²

Høgaste punktTerevaka (507 moh moh.)

Administrasjon
Land Chile
RegionValparaíso
Største busetnadHanga Roa

Demografi
Folketal3 791
Folketettleik23,1 pr km² /km²

Påskeøya (rapanui Rapa Nui, spansk Isla de Pascua) er ei øy aust i Polynesia i Stillehavet. Ho ligg 3 515 km vest for Chile og er under chilensk styre.

Øya er 163,6 km² stor og hadde i 2002 eit folketal på 3 791. Av desse bur 3 304 i hovudstaden Hanga Roa. Påskeøya er mest kjend for dei om lag 400 år gamle store steinstatuane (moai). Øya fekk namnet ho er kjend under i utanforverda etter at ein ekspedisjon leia av Jacob Roggeveen oppdaga henne på påskedagen i 1722.

Moaiar på Påskeøya

Geologi

Påskeøya er ei trekanta vulkanøy og består hovudsakleg av tre sløkkte vulkanar. Den største av dei er Terevaka (507 moh) som dekkjer det meste av øya, medan Poike og Rano Kau utgjer den austlege og sørlege delen.

Påskeøya tilhøyrer ei undersjøisk fjellkjede, Sala y Gómez-ryggen, som reiser seg meir enn 2000 meter over havbotnen. Berggrunnen består av hawaiitt og jernrik basalt.

Biletgalleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Påskeøya
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.