Penis
Penis er største delen av det mannlege kjønnsorganet hos menneske, pattedyr og andre dyr, og blir brukt til å føra sæd inn i hoa. Pattedyr bruker også penisen til å urinera med.
Mange dyr har penisbein (baculum, os penis) som stiver han opp, medan mennesket har ein penis sett saman av erigerbart vev som stivner gjennom å fyllast med blod.
Ordsoge
Ordet «penis» er rekna som eit klinisk og medisinsk ord på kjønnsorganet. Det er avleidd frå latin der det tyder 'hale'.[1] Organet har også ei rekkje andre norske namn som har ulike konnotasjonar, ofte som tabuord som kan brukast i banning:
- Kuk eller kukk, frå mellomnorsk kúkr, som truleg har samanheng med kjuke.
- Pikk, frå norrønt pikkr, som tyder pigg.
- Lem, som tyder rørleg kroppsdel
- Tiss (også tissefant o.l.) og piss kjem av verbet for å lata vatnet, som anten er eit latinsk ord eller eit lydord.
- Andre ord som vert brukte er m.a. mige, pill, pip.
- Ordet «red», frå det norrøne ordet for penis, (h)reðr, viser i dag til særs store kjønnsorgan, til dømes på hest.[2]
Galleri
- Penis
- Hestepenis i erigert tilstand
- Elefantpenis i normal tilstand
Sjå òg
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Menneskelege kjønnsorgan | Hos kvinna: vulva (med klitoris), kjønnslepper, vagina, eggleiarar, eggstokkar, livmor |
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen