Presidenten i India

Presidenten i India (engelsk President of India, hindi राष्ट्रपति, rashtrapati, 'riksherre') er statsoverhovud i Republikken India og øvstkommanderande for det indiske forsvaret. Medan artikkel 53 i Grunnloven seier at presidenten kan utøva myndigheit direkte,[1] blir all myndigheit som tilhøyrer presidenten med visse unntak utøvd av den sitjande regjeringa med statsministeren i spissen.

Presidentpalasset Rashtrapati Bhavan, bygd under den britiske kolonitida.

Den noverande presidenten er Ram Nath Kovind, som blei svoren inn 25. juli 2017.

Valmåte

Presidenten blir vald av medlemmene i det indiske parlamentet (Lok Sabha og Rajya Sabha) og av dei lovgjevande delstatsforsamlingane (Vidhan Sabha). Valperioden er fem år, og ein sitjande president har lov til å stilla til gjenval. Det blir brukt ein formel for å fordela stemmer slik at det blir balanse mellom folketalet i kvar delstat og talet på stemmer som representantar i delstatsforsamlingane kan gje, og ein likeverdig balanse mellom medlemmer av delstatsforsamlingane og parlamentsmedlemmer. Dersom ingen kandidat får stemmefleirtal blir tapande kandidatar eliminerte frå valet og stemmer for dei blir overført til andre kandidatar, fram til éin kandidat får fleirtal. Visepresidenten blir vald gjennom direkte avstemming der alle representantar i Lok Sabha og Rajya Sabha tek del.

Embetsbustad

Presidenten av India held til i Rashtrapati Bhavan («President-bygningen») i New Delhi. Presidenten har også offisielle embetsbustader i The Retreat Building i Chharabra ved Shimla og Rashtrapati Nilayam i Hyderabad.

Indiske presidentar sidan 1950

Nr.BildeNamnTilltreddeAvgjekk
1. Rajendra Prasad26. januar 195013. mai 1962
2. S. Radhakrishnan13. mai 196213. mai 1967
3.Zakir Hussain13. mai 19673. mai 1969
4.Varahagiri Venkata Giri24. august 196924. august 1974
5.Fakhruddin Ali Ahmed24. august 197411. februar 1977
6. Neelam Sanjiva Reddy25. juli 197725. juli 1982
7.Giani Zail Singh25. juli 198225. juli 1987
8. R. Venkataraman25. juli 198725. juli 1992
9. S.D. Sharma25. juli 199225. juli 1997
10. K.R. Narayanan25. juli 199725. juli 2002
11.A.P.J.Abdul Kalam25. juli 200225. juli 2007
12. Pratibha Patil25. juli 200725. juli 2012
13. Pranab Mukherjee25. juli 201225. juli 2017
14. Ram Nath Kovind25. juli 2017Sitjande

Kjelder

Bakgrunnsstoff