Redonda

Redonda er ei øy i Karibia. Ho tilhøyrer øystaten Antigua og Barbuda, og ligg 56 km vest-sørvest for øya Antigua. Øya er ikkje folkesett.

Redonda
øy
Land Antigua og Barbuda
Del avLeewardøyane, Små Antiller
Areal1,3 km²
Folketal 0 (2018)
Kart
Redonda
16°56′18″N 62°20′42″W / 16.938333333333°N 62.345°W / 16.938333333333; -62.345
Wikimedia Commons: Redonda

Geografi

Utsyn mot Redonda frå Nevis. Montserrat er i bakgrunnen

Redonda ligg aust i Det karibiske havet og er ein del av Dei små Antillane. Ho er den minste av dei tre øyane som utgjer Antigua og Barbuda. Øya ligg 22 km nordvest av Montserrat, 32 søraust av Nevis og 56 km vest-sørvest av Antigua.[1]

Øya er resten av ein utsløkt vulkan som stig bratt opp av havet til ei høgd på 305 meter. Arealet er 1,3 km². Øya er prega av bratte klipper og har berre éi strand der det er mogleg å gå i land frå båt.[2][1] Suppeskjelpadde og karett er blitt observerte i havet ved Redonda.

Øya er hekkestad for sjøfugl. Særleg viktige er koloniane av praktfregattfugl, maskesule, raudfotsule og brunsule, medan det finst òg brunnoddy. Ein reknar med at graveugle er standfugl. Det finst seks krypdyrartar, der tre øglearter er endemiske.[1]

Vegetasjonen er prega av gras, kaktusar i slekta Opuntia og med enkelte tre av fikenarten Ficus citrifolia.[1]

Det finst òg populasjonar av geiter og rotter på øya.[3]

Historie

Kristoffer Columbus kom over øya på si andre Amerika-ferd i 1493 og gjorde krav på henne for Spania. Han kalla henne Santa Maria la Redonda. Columbus gjekk likevel aldri i land her. Det første kjende europeiske strandhogget fann stad i 1687.[2]

I 1860-åra blei det henta ut fosfat frå guanoførekomstar på øya ved hjelp av arbeidskraft henta frå Montserrat.[2] Eit amerikansk selskap, Redonda Phosphate Company, stod bak drifta, med eksport for det meste til USA og Tyskland.[4] I 1901 budde 120 personar på øya.[3]første verdskrigen tok til, heldt guanodrifta opp og arbeidarane flytta. Bygningar og utstyr blei øydelagd i ein orkan i 1929, og dei siste vaktmennene forlét då øya. Ho har vore folketom sidan.

Storbritannia gjorde krav på Redonda i 1869 for å koma USA i forkjøpet. I 1872 blei øya underlagd Antigua.[4]

Redonda er i offentleg eige.[3]

Kjelder