Sundag

vekedag
(Omdirigert frå Søndag)
Veka


Sundag eller søndag har i mange tradisjonar vore rekna som den første dagen i veka, men har sidan ein ISO-standard innført i 1973 vorte rekna som den sjuande og siste dagen i veka.[1]

Namnet sundag kjem av norrønt sunnudagr og tyder 'soldag' , jamfør det latinske namnet dies solis.[2]

Sundag som heilagdag

Söndagsafton i en dalastuga av Amalia Lindegren, 1860.

Innan dei fleste retningane av kristendommen er sundag den heilagaste dagen, og blir sett av til kvile, kyrkjegang og refleksjon.

Mange kristne samfunn har på grunn av dette innført sundag som ein offentleg høgtidsdag der vanleg arbeid ikkje blir utført, og mange utsalsstader er stengde. Den norske heilagdagslova slår òg fast at det skal vera heilagdagsfred på heile sundagen.

Kjelder

Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.