Saladin

Ṣalāḥ ad-Dīn Yūsuf ibn Ayyūb (arabisk: صلاح الدين يوسف بن أيوب, Ṣalāḥ ad-Dīn Yūsuf ibn Ayyūb, kurdisk: سه‌لاحه‌دین ئه‌یوبی, Selah'edînê Eyubî) (c. 1138 – 4. mars 1193), best kjend i vestverda som Saladin, var ein kurdisk[1][2][3][4] muslim, som vart den fyrste sultanen av Egypt og Syria og grunnleggjaren av Ayyubide-dynastiet. Han leia den muslimske og arabiske motstanden mot frankarane og dei andre europeiske krossfararane i Levanten. Då han var som mektigast femnde sultanatet hans Egypt, Syria, Mesopotamia, Irak, Hejaz og Jemen.

Saladin frå ei arabisk bok frå 1100-talet.
Saladin frå eit manuskript frå 1400-talet.

Med han som leiar nedkjempa styrkane hans krossfararane i slaget ved Hattin, noko som opna for atterobringa av Palestina som hadde vorte teke frå dei egyptiske fatimidane av krossfararane 88 år tidlegare. Sjølv om krossfararane sitt Kongedømet Jerusalem skulle fortsetje å eksistere ei tid var tapet i slaget ved Hattin eit vendepunkt i konflikten mellom krossfararane og muslimane og arabarane. Slik er Saladin ein viktig figur i kurdisk, arabisk og muslimsk kultur. Saladin følgde sunni-læra strikt.[5] Den noble og riddarlege framferda hans vart vektlagd av kristne historieskrivarar, særleg i forteljingane om kringsetjinga av Kerak, og trass i at han var krossfararane sin erkefiende vann han respekt hjå mange av dei, mellom andre Rikard Løvehjarta; heller enn å verte ein hata person i Europa, vart han heidra og halden fram som eit døme på riddarleg framferd og storsinn.[6]

Kjelder