Samfunnsgeografi

Samfunnsgeografi (tidlegare også kulturgeografi, i dag også regional samfunnsanalyse) er eit av to hovudfelt i geografifaget. Den andre er naturgeografi. Samfunnsgeografi fokuserer på korleis menneskeleg aktivitet er organisert frå eit geografisk perspektiv. Fagfeltet kan delast inn i fleire greiner som dels overlappar kvarandre, som befolkningsgeografi, bygeografi, økonomisk geografi, jordbruksgeografi, transportgeografi, rekreasjonsgeografi og sosialgeografi.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Samfunnsgeografi
Denne vitskapartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.