Seglarar

fuglefamilie
(Omdirigert frå Seglarfamilien)
Seglarar
Tårnseglarar Apus apus Foto: Tomasz Kuran
Tårnseglarar Apus apus
Foto: Tomasz Kuran
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Megaklasse:Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse:Tetrapodar Tetrapoda
Klasse:Fuglar Aves
Underklasse:Neognathae
Overorden:Neoaves
Orden:Seglarfuglar Apodiformes
Familie:Seglarar Apodidae
Hartert, 1897

Seglarar er ein familie, Apodidae, av insektetande fuglar som er særs godt tilpassa eit liv i lufta. Dette er små, straumlinjeforma fuglar, ca. 9 til 25 cm med gjennomgåande mørk fjørdrakt. Det finst ca. 100 artar fordelt på 19 slekter spreidd i alle tropiske til tempererte område.

Det vitskaplege namnet kjem frå gammalgresk απους, apous som tyder 'utan føter'.

Skildring

Gaffelseglar, Apus pacificus
Foto: Flickr-brukar: Ozma

Dei fleste artane har svart eller mørkebrun fjørdrakt. Somme artar har lysare parti på strupe som gråseglar og undergump. Alpeseglar har kvitt magefelt. Kjønna er like.

Seglarar er av dei mest spesialiserte fuglane, og best tilpassa liv i lufta. Dei beitar insekt og edderkoppar, tar opp vatn, pleier fjøra, parar seg og kan sove i lufta. Dei vil aldri setje seg ned på bakken eller på ei grein, men kan klamre seg til grove vertikale flater. Dei har små klør, men flørne er sterke og skarpe, saman med ein kraftig hale ei tilpassing for å gripe tak på vertikale flater.[1] Nokre artar kan vri alle tær framover slik at dei saman fungerer som ein krok å henge etter.[2]

Storleiken varierer frå dvergsalangan (Collocalia troglodytes), som veg 5,4 gram og måler 9 cm i lengd, til glansseglar (Hirundapus celebensis), på 184 g og 25 cm. Små artar er målt i opptil 111 km/t, men ikkje-stadfesta målingar av ein stor art som pigghaleseglar skal ha gjeve registrering på 170 km/t.[1]

Det er estimert at ein tårnseglar kan flyge ein årleg distanse på 200 000 km. Ei gruppe, grotteseglarar, (salangarar og slekta Schoutedenapus) har utvikla ei form for ekkolokalisering for å navigere i mørke grotter på veg til kvileplassar. Det er nyleg oppdaga at ein art, papuasalangan, (Aerodramus papuensis) også nyttar slik navigasjon utanfor hola om natta.

Mange av artane har ein karakteristisk profil i flukt, med ein kort kløfta stjert og særs lange sigdforma venger. Fluktbiletet hos somme artar har særeigne blaffrande rørsler som er mykje ulike dei hos svalene. Tilsynelatande kan seglarar likne svaler, men seglarar har ikkje nært slektskap til sporvefuglar i det heile. Seglarar er plassert i ordenen Apodiformes, som dei deler med kolibriar og treseglarar. Treseglarar er nærast relatert til seglarar, men finst i sin eigen familie Hemiprocnidae. Likskapen mellom seglarar og svaler skyldast konvergerande evolusjon som reflekterer liknande levemåte basert på å beite insekt i lufta.

Forplanting

Reir av mange artar er limt med spytt til ei vertikal overflate med spytt, og salangarar, slekta Aerodramus, nyttar berre spyttstoffet. Dette er basis for svalereirsuppe. Andre seglarar byggjer reir av materiale som dei snappar i lufta. Egga blir klekt etter 19 til 23 dagar, og ungane forlèt reiret etter ytterlegare seks til åtte veker. Begge foreldra hjelper til med mating av ungane.

Utbreiing

Seglarar har ein verdsomspennande distribusjon i tropiske til tempererte område, men som svalene i tempererte område er dei sterkt avhengige av å migrere til tropane om vinteren. Nokre artar kan overleve i korte periodar med kaldt vêr ved å gå inn i ein dvaleliknande tilstand.

Berre 3 av dei ca. 100 artane av seglarar er vanlege i Europa. Tårnseglar finst nord til og med Skandinavia og Finland med nordgrense i Noreg omtrent i Salten. Gråseglar og Alpeseglar er sett i Noreg, men er vanlege i Sør-Europa. Småseglar er sjeldan i Sør-Europa.

Artsliste

Seglarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Seglarar