Stan Lee

Stan Lee (fødd Stanley Martin Lieber 28. desember 192212. november 2018[1]) var ein amerikansk manusforfattar, teikneserieskapar og redaktør for Marvel Comics.

Stan Lee

PseudonymStan Lee
StatsborgarskapUSA
Fødd28. desember 1922
Manhattan
Død

12. november 2018 (95 år)
Cedars-Sinai Medical Center

Yrkeforleggjar, tegneserieforfatter, redaktør, filmprodusent, journalist, science fiction-forfattar, filmskodespelar, soldat, programleiar, manusforfattar, bedriftsleiar, stemmeskodespelar, ansvarlig produsent, skribent
Språkangloamerikansk
Høgd1,80 meter
Sjangerteikneserie
Religionagnostisisme
EktefelleJoan Boocock Lee
Signatur
Stan Lee på Commons

Lee var kjend for å ha skapt ei rekkje av dei best kjende figurane til Marvel, særleg i lag med Jack Kirby, men også med Steve Ditko og andre teiknarar. Blant dei mest kjende kan nemnast Spider-Man, Hulk, De fantastiske 4, X-Men, Daredevil, She-hulk, Thor, Iron Man og Doctor Strange. I filmar som føregjekk i Marvel-universet hadde Lee ei rekkje cameoroller.

12. november 2018 blei Lee henta heime av sjukebil og frakta til sjukehus. Han døydde der kort tid seinare, 95 år gammal.[2]

Kjelder