Tyrkia i Eurovision Song Contest

Tyrkia debuterte i Eurovision Song Contest i 1975 og deltok til saman 34 gongar inntil landet trekte seg frå tevlinga i 2012 på ubestemt tid. Tyrkia har vunne tevlinga éin gong, i 2003 då Sertab Erener deltok med songen «Everyway That I Can». Tyrkia har òg hamna på sisteplass tre gongar, to av dei utan poeng.[1]

Tyrkia

OffisieltTyrkia

TRT
Uttakingar
Nasjonalt26
Internt8
Deltaking
Debutår1975
Deltakingar34
Beste resultat
Semifinalen1 (2010)
Finalen1 (2003)
Verste resultat
Semifinalen13 (2011)
FinalenSist (1975, 1983 og 1987)
Poeng
Semifinalane790
Finalane1 996
Totalt2 786

Historikk

Det var Tyrkia si statlege kringkastar, TRT, som deltok i Eurovision Song Contest på vegner av Tyrkia. Tyrkia debuterte i 1975 og kom då på ein sisteplass med «Seninle bir dakika», framført av Semiha Yankı. Tyrkia hadde liten suksess i tevlinga fram til 2000, og dei einaste topp ti-plasseringane Tyrkia hadde var ein niandeplass i 1986 og ein tredjeplass i 1997. Fyrst då landet gjekk over til å syngje på engelsk i 2003, fekk landet sin fyrste siger i Eurovision Song Contest då Sertab Erener og «Everyway That I Can» slo Belgia og Russland med høvesvis to og tre poeng.[2]

Sigeren var starten på ein lang periode med høge plasseringar for Tyrkia. På heimebane i 2004 kom gruppa Athena på ein fjerdeplass. To nye fjerdeplassar følgde i 2007 og 2009, og i Oslo i 2010 kom gruppa maNga på ein andreplass. I 2011 klarte ikke Tyrkia å kvalifisere seg til finalen; dette var fyrste og einaste gongen at Tyrkia ikkje kvalifiserte seg til finalen sidan semifinaleordninga vart innført i 2004.

Tyrkia trekkjer seg

Ved fleire anledningar har Tyrkia stått over tevlinga, fyrste gongen i 1976 og 1977. I 1979 hadde Tyrkia vald både song og artist, men landet trakk seg frå tevlinga kort tid før finalen. Årsaka var at finalen skulle haldast i Jerusalem, og dei arabiske nabolanda kravde at den tyrkiske regjeringa måtte trekkje landet frå tevlinga, på grunn av den arabiske konflikten med vertsnasjonen Israel.[3][4]

I 1994 var ikkje Tyrkia kvalifisert for finalen på grunn av den dårlege plasseringa året før, men frå 1995 deltok Tyrkia kvart einaste år fram til og med 2012.

I desember 2012 offentleggjorde TRT at dei ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Den tyrkiske regjeringa grunngav avgjerda med at dei ikkje var fornøgde med dei nye røystereglane i tevlinga. Tyrkia har ikkje delteke sidan, og TRT har førebels ingen planar om å deltake i Eurovision Song Contest igjen.

Bidraga

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1975Semiha Yankı«Seninle bir dakika»Tyrkisk319
1978Nilüfer og Grup Nazar«Sevince»Tyrkisk218
1979Maria Rita Epik og 21. Peron«Seviyorum»TyrkiskTrekt
1980Ajda Pekkan«Petr'Oil»Tyrkisk2315
1981Modern Folk Trio og Ayşegül«Dönme dolap»Tyrkisk918
1982Neco«Hani?»Tyrkisk2015
1983Çetin Alp og the Short Waves«Opera»Tyrkisk019
1984Beş yıl önce, on yıl sonra«Halay»Tyrkisk3712
1985MFÖ«Didai didai dai»Tyrkisk3614
1986Klips ve Onlar«Halley»Tyrkisk539
1987Seyyal Taner og Lokomotif«Şarkım sevgi üstüne»Tyrkisk022
1988MFÖ«Sufi»Tyrkisk3715
1989Pan«Bana bana»Tyrkisk521
1990Kayahan feat. Demet Sağıroğlu«Gözlerinin hapsindeyim»Tyrkisk2117
1991İzel Çeliköz, Reyhan Karaca og Can Uğurluer«İki dakika»Tyrkisk4412
1992Aylin Vatankoş«Yaz bitti»Tyrkisk1719
1993Burak Aydos«Esmer yarim»Tyrkisk1021
1995Arzu Ece«Sev»Tyrkisk2116
1996Şebnem Paker«Beşinci mevsim»Tyrkisk5712697
1997Şebnem Paker og Grup Ethnic«Dinle»Tyrkisk1213
1998Tüzmen«Unutamazsın»Tyrkisk2514
1999Tuğba Önal og Grup Mistik«Dön artık»Tyrkisk2116
2000Pınar Ayhan og The SOS«Yorgunum anla»Tyrkisk og engelsk5910
2001Sedat Yüce«Sevgiliye son»Tyrkisk og engelsk4111
2002Buket Bengisu og Group Safir«Leylaklar soldu kalbinde»Tyrkisk og engelsk2916
2003Sertab Erener«Everyway That I Can»Engelsk1671
2004Athena«For Real»Engelsk1954Vertsnasjon
2005Gülseren«Rimi rimi ley»Tyrkisk9213Topp 12 året før
2006Sibel Tüzün«Süper star»Tyrkisk og engelsk9111918
2008Mor ve Ötesi«Deli»Tyrkisk1387857
2009Hadise«Düm tek tek»Engelsk17741722
2010maNga«We Could Be the Same»Engelsk17021181
2011Yüksek Sadakat«Live It Up»EngelskIkkje kvalifisert4713
2012Can Bonomo«Love Me Back»Engelsk1127805

Røystehistorikk

Finalane

Tyrkia har gjeve flest poeng til
Nr.LandPoeng
1 Bosnia-Hercegovina129
2 Storbritannia126
3 Irland119
4 Spania118
5 Tyskland86

Tyrkia har fått flest poeng frå
Nr.LandPoeng
1 Tyskland170
2 Frankrike151
3 Nederland132
4 Belgia108
5 Sveits104

Semifinalane

Tyrkia har gjeve flest poeng til
Nr.LandPoeng
1 Makedonia48
2 Bosnia-Hercegovina46
3 Bulgaria43
Georgia
5 Armenia31

Tyrkia har fått flest poeng frå
Nr.LandPoeng
1 Bulgaria50
Sveits
3 Storbritannia49
4 Makedonia46
5 Albania42

Galleri

Eurovision Song Contest i Tyrkia

ÅrStedArenaProgramleiar
2004 IstanbulAbdi İpekçi ArenaKorhan Abay og Meltem Cumbul

Referansar

Kjelder