Eurovision Song Contest 2006

Eurovision Song Contest 2006 (ESC 2006), offisielt 51. Eurovision Song Contest, var den 51. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten i Hellas. Semifinalen fann stad 18. mai 2006 og finalen fann stad 20. mai 2006. Finland vann tevlinga med songen «Hard Rock Hallelujah», framført på engelsk av Lordi. «Hard Rock Halleluja» vart den fyrste rockesongen som vann tevlinga, sidan Eurovision ofte vert assosiert med pop og schlager. Det var fyrste gongen Finland vann etter å ha delteke i 45 år. Programleiarane var den greske songaren Sákis Rouvás, som representerte Hellas i 2004 og 2009, og den gresk-amerikanske programleiaren og skodespelaren María Menoúnos.[1] I semifinalen song Rouvás og Menoúnos «Love Shine A Light», vinnarsongen til Katrina and the Waves frå 1998. Rouvás framførte òg ein engelsk versjon av hans greske hit «S'ékho erotefthí» kalla «I'm In Love With You». Élena Paparízou som vann Eurovision Song Contest 2005 i Kiev i Ukraina framførte vinnarsongen «My Number One» samt «Mambo!». Ein offisiell CD og DVD vart gjeve ut og ein ny introduksjon var ein offisiell fanbok gjeve ut frå dette året, og kvart år for å kome med detaljert informasjon frå kvart land.

Eurovision Song Contest 2006
Feel The Rhythm
Offisiell tittel
51. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinalen18. mai 2006
Finalen20. mai 2006
Vertskap
Stad
Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten i Hellas
Programleiar(ar)
Sákis Rouvás og María Menoúnos
Kringkastar(ar)
Ellinikí Radiofonía Tileórasi
Varigskap
Opningsnummer
Semifinalen«Love Shine A Light» av Sákis Rouvás og María Menoúnos
Finalen«The Mermaid Song» av Foteini Darra og «My Number One» av Élena Paparízou
Pausenummer
Semifinalen«I'm In Love With You» av Sákis Rouvás
Finalen«Mambo!» av Élena Paparízou
Bidrag
Røystesystem
Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til deira ti favorittsongar.
Antal bidrag
37 land. 24 i finalen. 23 i semifinalen.
Debuterte
Armenia
Trekte seg
Austerrike
Ungarn
Serbia og Montenegro
Kart
ESC 2006 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Vinnar
Finland med «Hard Rock Halleluja» av Lordi
Eurovision Song Contest
Kiev 2005 Helsingfors 2007

Song nummer 1 000 i tevlinga, «Every Song Is a Cry for Love», vart framført av Brian Kennedy for Irland i semifinalen. Armenia deltok i tevlinga for fyrste gong.

Format

Visuelt design

Den offisielle logoen var lik den som vart nytta i 2004 og 2005, men flagget i hjartet vart bytta ut med det greske flagget. Logoen vart sett saman av den offisielle logoen samt ein del laga av designbyrået Karamela. Ifylgje Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) var den «inspirert av vinden og sjøen, den gylne sol og gløden av sand». Etter at Istanbul hadde vald mottoet «Under The Same Sky» og Kiev hadde vald «Awakening» vart mottoet i 2006 «Fel The Rhythm». Dette vart òg nytta som grunnlag for postkorta som vart syna før kvar framføring, som understreka den historiske tydinga til Hellas samt at landet er eit stort moderne turistmål.

Røysting

For å spare tid i finalen fekk ein berre røyste i ti minutt og då poenga vart lest opp vart dei sju fyrste poenga syna på skjermen i staden for. Talspersonane las berre opp poenga 8, 10 og 12. Sjølv om ein fekk ned tida under vart det framleis fleire problem under røystgjevinga. Då Nederland skulle gje poeng gjekk Menoúnos av scena og bak til green room. På grunn av problem med mikrofona fekk ikkje Rouvás kontakt med ho. Det var òg problem med lasting av resultattavlar av di dei hang seg opp og programleiarane og talspersonane byrja å prate før dei vart syna på skjermen. Den nederlandske talspersonen Paul de Leeuw laga òg problem då han gav mobilnummeret sitt til Rouvás og nytta meir tid då han las opp dei fyrste sju poenga. Khonstantínos Khristofórou, som representerte Kypros i 1996, 2002 og 2005, helsa frå «Nikosia, den siste delte hovudstaden i Europa». Då Kypros las opp poenga syna sendinga at poenga kom frå Sveits. Røystinga vart òg kritisert av di ein berre las opp dei tre poeng i staden for alle ti. For fyrste gong vart Makedonia presentert som «Former Yugoslav Republic of Macedonia» i staden for med forkortinga «FYR Macedonia» eller «F.Y.R. Macedonia». Etter 2006 har Makedonia berre vorte presentert som «F.Y.R. Macedonia».

Bidraga

Semifinalen

I semifinalen deltok 23 land: Dei ti dårlegaste plasserte landa frå finalen i 2005 og tolv av landa som ikkje kvalifiserte seg frå semifinalen i 2005. I tillegg deltok debutantlandet Armenia.[2]

Nr.LandArtistSongOmsetjingSpråkPlassPoeng
01 ArmeniaAndré«Without Your Love»Utan kjærleiken dinEngelsk6150
02 BulgariaMariana Popova«Let Me Cry»La meg gråteEngelsk1736
03 SloveniaAnžej Dežan«Mr Nobody»Eit nullEngelsk1649
04 AndorraJennifer Serrano«Sense tu»Utan degKatalansk238
05 KviterusslandPalina Smolava«Mum»«Mamma»Engelsk2210
06 AlbaniaLuiz Ejlli«Zjarr e ftohtë»Brann og kaldtAlbansk1458
07 BelgiaKate Ryan«Je t'adore»Eg forgudar degEngelsk1269
08 IrlandBrian Kennedy«Every Song Is a Cry for Love»Kvar song er eit rop om kjærleikEngelsk979
09 KyprosAnnét Artáni«Why Angels Cry»Kvifor englar grætEngelsk1557
10 MonacoSéverine Ferrer«La Coco-Dance»Coco-dansenFransk, tahitisk2114
11 MakedoniaElena Risteska«Ninanajna»Engelsk, makedonsk1076
12 PolenIch Troje med Real McCoy«Follow My Heart»Følg hjartet mittEngelsk, polsk, tysk, russisk, spansk1170
13 RusslandDima Bilan«Never Let You Go»Let deg aldri gåEngelsk3217
14 TyrkiaSibel Tüzün«Süperstar»SuperstjerneTyrkisk, engelsk891
15 UkrainaTina Karol«Show Me Your Love»Vis meg kjærleiken dinEngelsk7146
16 FinlandLordi«Hard Rock Hallelujah»Hardrock-hallelujaEngelsk1292
17 NederlandTreble«Amambanda»Engelsk, kunstig språk2022
18 LitauenLT United«We Are the Winners»Me er vinnaraneEngelsk, fransk5162
19 PortugalNonstop«Coisas de nada»Meiningslause tingEngelsk, portugisisk1926
20 SverigeCarola«Invincible»UovervinnelegEngelsk4170
21 EstlandSandra Oxenryd«Through My Window»Gjennom vindauget mittEngelsk1828
22 Bosnia-HercegovinaHari Mata Hari«Lejla»LaylaBosnisk2229
23 IslandSilvía Night«Congratulations»GratulererEngelsk1362

Finalen

  • Finalen vart kringkasta 20. mai 2006 frå Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten.
  • Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Hellas var direktekvalifisert til finalen.
  • Dei ti beste landa i finalen i Eurovision Song Contest 2005 og dei ti beste frå semifinalen i Eurovison Song Contest 2006 kvalifiserte seg til finalen. Totalt deltok 24 land i finalen.
  • Serbia og Montenegro trekte seg frå tevlinga og vart bytta ut med Kroatia. Landet fekk røyste i finalen, men det var berre mogleg å røyste i Serbia. Under poengutdelinga sa Jovana Janković, som las opp poenga frå Serbia og Montenegrino, «som de veit så har me ingen song til dykk i år, men eg lovar at me vil gje dykk den beste neste år». Året etter vann Serbia telvinga og Janković fekk vere programleiar då tevlinga vart halden i Beograd i 2008.
Nr.LandArtistSongOmsetjingSpråkPlassPoeng
01 Sveitssix4one«If We All Give a Little»Om vi alle gjev littEngelsk1730
02 MoldovaArsenium med Natalia Gordienko«Loca»Sprø jenteEngelsk2022
03 IsraelEddie Butler«Together We Are One»Saman er vi éinHebraisk, engelsk234
04 LatviaCosmos«I Hear Your Heart»Eg høyrer hjartet dittEngelsk1630
05 NoregChristine Guldbrandsen«Alvedansen»Norsk1436
06 SpaniaLas Ketchup«Un Blodymary»En Bloody MarySpansk2118
07 MaltaFabrizio Faniello«I Do»Eg gjerEngelsk241
08 TysklandTexas Lightning«No No Never»Nei, nei, aldriEngelsk1536
09 DanmarkSidsel Ben Semmane«Twist of Love»Twist av kjærleikEngelsk1826
10 RusslandDima Bilan«Never Let You Go»Let deg aldri gåEngelsk2248
11 MakedoniaElena Risteska«Ninanajna»Engelsk, makedonsk1256
12 RomaniaMihai Trăistariu«Tornerò»Eg kjem tilbakeEngelsk, italiensk4172
13 Bosnia-HercegovinaHari Mata Hari«Lejla»LaylaBosnisk3229
14 LitauenLT United«We Are the Winners»Me er vinnaraneEngelsk6162
15 StorbritanniaDaz Sampson«Teenage Life»TenåringslivEngelsk1925
16 HellasÁnna Víssi«Everything»AltEngelsk9128
17 FinlandLordi«Hard Rock Hallelujah»Hardrock-hallelujaEngelsk1292
18 UkrainaTina Karol«Show Me Your Love»Vis meg kjærleiken dinEngelsk7145
19 FrankrikeVirginie Pouchain«Il était temps»Det var tidFransk225
20 KroatiaSeverina«Moja štikla»Mine stiletthælarKroatisk1356
21 IrlandBrian Kennedy«Every Song Is a Cry for Love»Kvar song er eit rop om kjærleikEngelsk1093
22 SverigeCarola«Invincible»UovervinnelegEngelsk5170
23 TyrkiaSibel Tüzün«Süperstar»SuperstjerneTyrkisk, engelsk1191
24 ArmeniaAndré«Without Your Love»Uten kjærleiken dinEngelsk8129

Tidlegare deltakarar

DeltakarLandTidlegare årTidlegare landDeltok somPlassering i tidlegare tevling
FinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
Ánna Víssi Hellas1980 HellasArtist03013
1982 KyprosArtist og
låtskrivar
08505
Eddie Butler Israel1999 (del av Eden) IsraelArtist09305
Viktoras Diawara
(del av LT United)
Litauen2001 (del av SKAMP) LitauenArtist og
låtskrivar
03513
Fabrizio Faniello Malta2001 MaltaArtist04809
Michał Wiśniewski
(del av Ich Troje)
Polen2003 (del av Ich Troje) PolenArtist og
låtskrivar
09007
Justyna Majkowska
(del av Ich Troje)
Polen2003 (del av Ich Troje) PolenArtist09007
Jacek Łągwa
(del av Ich Troje)
Polen2003 (del av Ich Troje) PolenArtist og
låtskrivar
09007
Carola Sverige1983 SverigeArtist12603
1991 SverigeArtist14601
Ralph Siegel
(med Mauro Balestri)
Sveits1974 (med Michael Kunze) LuxembourgLåtskrivar01404
1976 (med Kurt Hertha) Vest-TysklandLåtskrivar01215
1979 (med Bernd Meinunger) Vest-TysklandLåtskrivar08604
1980 (med Bernd Meinunger) Vest-TysklandLåtskrivar12802
1980 (med Bernd Meinunger,
Pierre Delanoë og Jean-Paul Cara)
LuxembourgLåtskrivar05609
1981 (med Bernd Meinunger) Vest-TysklandLåtskrivar13202
1982 (med Bernd Meinunger) Vest-TysklandLåtskrivar16101
1985 (med Bernd Meinunger og
Jean-Michel Beriat)
LuxembourgLåtskrivar03713
1987 (med Bernd Meinunger) Vest-TysklandLåtskrivar14102
1988 (med Bernd Meinunger) Vest-TysklandLåtskrivar04114
1990 (med Michael Kunze) Vest-TysklandLåtskrivar06009
1992 (med Bernd Meinunger) TysklandLåtskrivar02716
1994 (med Bernd Meinunger) TysklandLåtskrivar12803
1997 (med Bernd Meinunger) TysklandLåtskrivar02218
1999 (med Bernd Meinunger) TysklandLåtskrivar14003
2002 (med Bernd Meinunger) TysklandLåtskrivar01721
2003 (med Bernd Meinunger) TysklandLåtskrivar05311
Bernd Meinunger
(med Ralph Siegel)
Sveits1979 (med Ralph Siegel) Vest-TysklandLåtskrivar08604
1980 (med Ralph Siegel) Vest-TysklandLåtskrivar12802
1980 (med Ralph Siegel,
Pierre Delanoë og Jean-Paul Cara)
LuxembourgLåtskrivar05609
1981 (med Ralph Siegel) Vest-TysklandLåtskrivar13202
1982 (med Ralph Siegel) Vest-TysklandLåtskrivar16101
1985 (med Ralph Siegel og
Jean-Michel Beriat)
LuxembourgLåtskrivar03713
1987 (med Ralph Siegel) Vest-TysklandLåtskrivar14102
1988 (med Ralph Siegel) Vest-TysklandLåtskrivar04114
1992 (med Ralph Siegel) TysklandLåtskrivar02716
1994 (med Ralph Siegel) TysklandLåtskrivar12803
1997 (med Ralph Siegel) TysklandLåtskrivar02218
1999 (med Ralph Siegel) TysklandLåtskrivar14003
2002 (med Ralph Siegel) TysklandLåtskrivar01721
2003 (med Ralph Siegel) TysklandLåtskrivar05311
Željko Joksimović Bosnia-Hercegovina2004 (med Ad Hoc Orchestra) Serbia og MontenegroArtist2630226301

Sjå òg

Kjelder

Fotnotar