Universitetet i Leipzig


Universität Leipzig er eit av dei eldste universiteta i Europa, grunnlagt i 1415 av pave Aleksander V. Det hadde opphavleg fire fakultet, men har i dag 14 fakultet. Det medisinske fakultetet, som er over 600 år gammalt, er eit av dei mest velrenommerte. Det er det nest største universitetet i Sachsen.

Universitetet i Leipzig


MottoAus Tradition Grenzen überschreiten
Grunnlagt2. desember 1409
RektorEva Inés Obergfell
StadLeipzig
Studentar31 088 (2020)
Tilsette5 300 (2018)
MedlemskapDeutsches Forschungsnetz, ORCID
Nettstadhttps://www.uni-leipzig.de/ (tysk, engelsk)

Historisk vart personar tilknytte universitetet inndelt i ulike «nasjonar» kor dei kom ifrå: Den meissiske, den saksiske, den bayerske og den polske. Den store norske matematikaren Sophus Lie var professor ved universitetet i Leipzig.

Under DDR-perioden 1949–1989 heitte universitetet Karl-Marx-Universität.

Hovudbygningen til universitetet ved 500-årsjubileet i 1959.
Det såkalla City-Hochhaus vart bygd 1968–1972, og var hovudkvartera til universitet fram til tusenårsskiftet. No husar bygget Mitteldeutscher Rundfunk og leilegheiter.

Fakultet

  • Theologische Fakultät
  • Juristenfakultät
  • Fakultät für Geschichte, Kunst- und Orientwissenschaften
  • Philologische Fakultät
  • Erziehungswissenschaftliche Fakultät
  • Fakultät für Sozialwissenschaften und Philosophie
  • Wirtschaftswissenschaftliche Fakultät
  • Sportwissenschaftliche Fakultät
  • Medizinische Fakultät
  • Fakultät für Mathematik und Informatik
  • Fakultät für Biowissenschaften, Pharmazie und Psychologie
  • Fakultät für Physik und Geowissenschaften
  • Fakultät für Chemie und Mineralogie
  • Veterinärmedizinische Fakultät

Kjende lærarar

  • Carl Philipp Emanuel Bach, Komponist
  • Ernst Bloch, Philosoph, 1948–1957
  • Gustav Theodor Fechner, fysikar
  • Paul Flechsig, psykiatar og hjerneforskar
  • Hans Freyer, sosiolog
  • Hans-Georg Gadamer, filosof, 1939–1947 professor, 1946/1947 rektor
  • Samuel Hahnemann, lege
  • Werner Heisenberg, fysikar
  • Gustav Hertz, leiar av det fysikalske institutt 1954–1961
  • Felix Klein, matematikar

Kjelde

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Universitetet i Leipzig