Urfolk i Canada

etnisk folkegruppe

Urfolk i Canada omfattar First Nations,[1] inuittar[2] og métisar.[3] Sjølv om omgrepet Indian framleis er utbreidd i lovverket, har ord som Indian (indianar) og Eskimo gått ut av bruk i Canada, og blir vanlegvis rekna som nedsetjande.[4][5][6] Aboriginal peoples som samlenemning blir også brukt i nokre rettslege dokument, mellom anna Constitution Act, 1982, men blant urfolk misliker ein gjerne også omgrepet Aboriginal.[7]

Prosentdel av folk i Canada med urfolksidentitet. Frå 2011.

Ved folketeljinga i 2021 omfatta urfolka i Canada totalt 1 807 250 folk, eller 5,0 % av den totale folkesetnaden i landet. 1 048 405 var First Nations-folk, 624,220 métisar og 70 540 var inuittar. 7,7 % av folkesetnden under 14 år er av urfolksavstamming.[8] Det finst over 600 statleg anerkjend sjølvstyrande First Nations-grupper (governments ellerr bands) med særeigne kulturar, språk, kunst og musikk.[9][10] National Indigenous Peoples Day blir markert 21. juni for å anerkjenna urfolka sine kulturar og bidraga deira til kanadisk historie.[11]

Urfolksgrupper

First Nations

Hovding George frå landsbyen Senakw med dotter si i tradisjonell regalia, ca. 1906

First Nations-folk hadde slått seg ned i dagens Canada og utvikla handelsnettverk i 500 f.Kr.–1000 e.Kr. Dei utvikla ulike samfunn med sine eigne kulturar, skikkar og særmerke.[12] I nordvest fanst athabaskisktalande folk, slavey, dogrib, tutchone og tlingit. Langs stillehavskysten budde tsimshian, haida, salish, kwakiutl, heiltsuk, nootka, nisga'a, senakw og gitxsan. På sletteområda fanst niisitapi, káínawa, tsuutʼina og piikáni. I dei nordlege skogane fanst nēhiyawak og chipewyan. Rundt Great Lakes levde anishinaabe, algonkinarar, haudenosaunee og wendat. Langs atlanterhavskysten fanst beothuk, wəlastəkwewiyik, innu, abenakiar og mi'kmaq.

Inuittar

Inuittar stammar frå det antropologar kallar Thulekulturen, som sprang ut frå Vest-Alaska kring år 1000 og spreidde seg austover gjennom Arktis, der han erstatta Dorsetkulturen (kalla tuniitinuktitut). Historisk kalla inuittar desse folka for «kjemper», som var større og sterkare enn dei.[13] Forskarar har spekulert i om Dorsetkulturen mangla hundar, større våpen og annan teknologi som inuittane hadde.[14] I 1300 hadde inuittar slått seg ned på Vest-Grønland, og spreidde seg til Aust- Grønland gjennom det neste hundreåret. Inuittar hadde handelssamband med sørlegare kulturar. Grensekonfliktar var vnlege, og førte til aggressive handlingar.[15]

Inuitt i ein kajakk, ca. 1908–1914

Nokre kjende inuittar eer Abraham Ulrikab og familien hans som blei sett på utstilling i ein dyrehage i Hamburg, og Tanya Tagaq, ein moderne musikar som nyttar tradisjonell strupesong.[16] Abe Okpik var viktig i å hjelpia inuittar til å få sleksnamn i staden for å måtta nytta skivetal, og Kiviaq (David Ward) vann retten til å bruka eitt enkelt inuktituknamn.[17][18]

Métisar

Mixed-blood fur trader, ca. 1870

Métisar er ei folkegruppe som stammar frå ekteskap mellom europearar (hovudsakleg franskmenn)[19] og cree-, ojibway-, algonquinar-, saulteaux-, menominee-, mi'kmaq- og maliseetfolk og andre First Nations-grupper.[20] Historia deira går tilbake til midten av 1600-talet.[1] Europearar som fyrst kom til Canada var dei avhengige av urfolk for å driva pelshandel og å overleva. For å sikra alliansar blei tilhøve mellom europeiske pelshandlarar og innfødde kvinner ofte konsoliderte gjennom ekteskap.[21] Métis-heimland omfattar dei kanadiske provinsane British Columbia, Alberta, Saskatchewan, Manitoba og Ontario, i tillegg til Northwest Territories (NWT).[22]

Nokre kjende métisfolk er songaren og skodespelaren Tom Jackson,[23] Northwest Territories-leiaren Tony Whitford og Louis Riel, som leia to motstandsrørsler: Red River Rebellion i 1869–1870 og North-West Rebellion i 1885, som enda med at han blei stilt for retten, dømt til døden og avretta.[24][25][26]

Særeigne métisspråk er anten métisfransk eller eit blanda språk kalla michif. Michif, mechif eller métchif er fonetiske stavemåtar for métif, ein variant av «métis».[27] I dag snakkar dei fleste métisar engelsk, med fransk som eit sterkt andrespråk, i tilleg til fleire urfolksspråk. Ei gruppe métisar på 1800-talet, Anglo-Métis, blei omtalte som Countryborn. Dei stamma frå menn som dreiv med pelshandel i Rupert's Land, typisk frå Orknøyane, Skottland eller England, og urfolkskvinner.[28] Fyrstespråka deira vil ha vore urfolksspråk (cree, saulteaux, assiniboine osb.) og engelsk. Nokre av fedrane deira snakkka skotsk gælisk, noko som førte til utviklinga av ein engelsk dialekt kjend som bungee eller bungi.[29] 

S.35 av Constitution Act, 1982 nemnar métisar, men den juridiske definisjonen av gruppa har vore omstridd.[30] 23. september 2003 avgjorde høgsteretten i Canada at métisar var ei særskild folkegruppe med sine eigne rettar (Powley ruling).[31]

Til skilnad frå First Nations-folk har ein ikkje skilt mellom anerkjende og ikkje-anerkjende métisar.[32] Métisar, kulturen og arva deira har ofte blitt tekne opp i og assimilerte inn i folkesetnaden rundt seg.[33]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Urfolk i Canada