Ursula K. Le Guin

amerikansk manusforfattar og skribent

Ursula Kroeber Le Guin (21. oktober 192922. januar 2018) var ein amerikansk forfattar og kritikar som tok opp spørsmål knytta til kjønn og rase i verka sine.[1] Ho fekk stor merksemd for romanen The Left Hand of Darkness (1969), der ho introduserte science fiction-universet Ekumen. Romanen, som skulle få fleire oppfølgjarar med handling frå same univers, etablerte Le Guin for alvor blant dei fremste science fiction-forfattarane.[2] For The Left Hand of Darkness fekk Le Guin både Hugo-prisen og Nebula-prisen.[3] Boka er gjeven ut på norsk under tittelen Mørkets venstre hånd (sjå nedanfor).

Ursula K. Le Guin

StatsborgarskapUSA
Fødd21. oktober 1929
Berkeley
Død

22. januar 2018 (88 år)
Portland i Oregon

Yrkeskribent, manusforfattar, omsetjar, romanforfattar, lyrikar, forfattar, litteraturkritikar, science fiction-forfattar, kvinnesaksforkjemper, barnebokforfattar, journalist, prosaforfatter
Sjangerscience fiction, fantasy, feministisk science fiction
Medlem avPhi Beta Kappa, American Academy of Arts and Letters
ReligionTaoisme
FarAlfred L. Kroeber
MorTheodora Kroeber
EktefelleCharles Le Guin
Signatur
Ursula K. Le Guin på Commons

Le Guin er også kjent for bøker for unge i fantasiverda Jordsjø,[4] som har vore i konstant nye opplag sidan utgjevinga.[1]

I tillegg til The Left Hand of Darkness, har romanen The Dispossessed (1975) gjeve Le Guin både Hugo og Nebula.[5] Sidan har ho fått Nebula for romanane Tehanu: The Last Book of Earthsea (1990)[6] og Powers (2007)[7]

Le Guin døydde 22. januar 2018 heime i Portland i Oregon etter fleire månader med dårleg helse.[8]

Omsetjingar til norsk

Jordsjø-serien

Kjelder

Bakgrunnnstoff