Andorra i Eurovision Song Contest

Andorra debuterte i Eurovision Song Contest i 2004 og har delteke seg gongar utan å kvalifisere seg til finalen. Andorra var nærast å kvalifisere seg til finalen i 2007, då gruppa Anonymous endte på tolvteplass i semifinalen. I forkant av Eurovision Song Contest 2010 trakk Andorra seg frå tevlinga og har ikkje delteke sidan.

Andorra


RTVA
Uttakingar
Nasjonalt3
Internt3
Deltaking
Debutår2004
Deltakingar6
Beste resultat
Semifinalen12 (2007)
Verste resultat
SemifinalenSist (2006)
Poeng
Semifinalane157
Totalt157

Historikk

Den lille fjellstaten i Pyreneane hadde i fleire år vist interesse i å deltake i Eurovision Song Contest. I 2004 innførte EBU ordninga med semifinale, og Andorra debuterte i tevlinga gjennom det andorranske almennkringkastaren Ràdio i Televisió d'Andorra (RTVA).[1]

«Fast» semifinalist

Andorra debuterte i Eurovision Song Contest i 2004 i Istanbul, Tyrkia. Der vart det andorranske bidraget «Jugarem a estimar-nos», av Marta Roure, nr. 18 av 22 deltakarar. Andorra fekk berre 12 poeng - samtlege frå nabolandet Spania.[2]

Dei fem neste åra klarte aldri Andorra å kvalifisere seg til finalen. I 2007 var Andorra ein av førehandsfavorittane med «Salvem el món» av gruppa Anonymous. Bidraget havna til slutt på ein tolvteplass i semifinalen, berre elleve poeng unna kvalifisering til finalen.[3]

I desember 2009 kunngjorde RTVA at Andorra ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest 2010 av økonomiske grunnar. Andorra har ikkje delteke i Eurovision Song Contest sidan.[4] Andorra har ikke deltatt i konkurransen siden.[5]

Katalansk gjer sin entré

Med debuten til Andorra vart det katalanske språket nytta for fyrste gong i Eurovision Song Contest. Spania har aldri framført noko av sine bidrag på anna språk enn spansk, fransk eller engelsk. I 1968 ville imidlertid den spanske artisten Joan Manuel Serrat syngje det spanske bidraget «La, la, la» på katalansk. Det ønskte derimot ikkje Francoregimet og bytta han ut med Massiel som framførte songen på spansk. «La, la, la» endte opp med å vinne Eurovision Song Contest, hårfint foran førehandsfavoritten Cliff Richard med songen «Congratulations».[6]

Bidraga

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
2004Marta Roure«Jugarem a estimar-nos»KatalanskIkkje kvalifisert1218
2005Marian van de Wal«La mirada interior»Katalansk2723
2006Jennifer Serrano«Sense tu»Katalansk823
2007Anonymous«Salvem el món»Katalansk og engelsk8012
2008Gisela«Casanova»Engelsk og katalansk2216
2009Susanne Georgi«La teva decisió (Get a Life)»Katalansk og engelsk815

Galleri

Poeng

Finalane

Andorra har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
1 Spania60
2 Ukraina33
3 Frankrike26
4 Finland21
Hellas

Semifinalane

Andorra har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
1 Portugal48
2 Israel30
3 Finland28
4 Nederland19
5 Monaco17

Andorra har fått flest poeng frå
#LandPoeng
1 Spania54
2 Portugal10
3 Estland8
4 Nederland7
Polen
Tsjekkia

Referansar

Kjelder